Åsanes nye superstjerne!
Åsanepodden3 Joulu 2021

Åsanes nye superstjerne!

I haust har Åsane fått ein ny superkjendis. Det leggast ut nye bilete på Facebook nesten dagleg, engasjementet er stort, og nokon har til og med kommentert at ho burde verte årets Åsabu. I dagens episode får du vite korleis du best kan hjelpe den nye stjerna!


For me snakkar sjølvsagt om den grøne papegøya, som er ein indisk halsbåndparakitt, som har vore på rømmen sidan i sommar. Mange har prøvd å fange fuglen, som har skapt eit enormt engasjement på nettet, men ingen har lukkast enno. To som har brukt mykje av si fritid på å prøve å få papegøya, som dei kallar Lily, i hus, er Miriam Emina Mæland og Christina Johanne Haugan Thorvaldsson. Mæland driv dyrevernsorganisasjonen Arken care og vert av mange kalla dyrehviskaren, medan Thorvaldsson, som sjølv har papegøyar, blei engasjert i saken då ho såg eit innlegg om Lily på Facebook.


I dagens episode får du høyre meir om den spektakulære jobben som vert gjort for å prøve å fange Lily på ein så skånsom måte som mogleg. Du får høyre meir om det tette bandet som har oppstått mellom Lily, Mæland og Thorvaldsson og at sjølv ikkje fem skjorer har klart å ta ut den lille tøffingen som framleis flaksar rundt i Åsane. Og du får ikkje minst vite kva du kan gjere for å hjelpe Lily, og sjølvsagt kva du ikkje bør gjere! Visste du blant anna at du ikkje må setje ut avokado eller appelsin, for det kan ta livet av Lily? Fleire tips og råd får du i podkasten.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(28)

Tertnes handball elite

Tertnes handball elite

I 30 år har Tertnes handball elite spelt i den øvste divisjonen i Noreg. Dei har 11 medaljar og dei har spelt finale i Europa. Men no ligg klubben farleg langt nede på tabellen, på kvalikk-plass til n...

5 Tammi 202215min

Eventyret Bakkerud

Eventyret Bakkerud

Andreas Bakkerud er kun 30 år, men har en svært innholdsrik karriere bak seg som en av verdens aller beste rallyførere. Morvik-mannen har en far og onkel som kjørte og han vokste så godt som opp på Ei...

31 Joulu 202133min

Episode 9

Episode 9

Ein æra er over i Åsane frivillighetssentral når leiar, Berit Gjerstad, avslører at 2022 er hennar siste år i sentralen. Samstundes arrangerer Lions Club Bergen Åsane sin julemarknad på Åsane storsent...

17 Joulu 202127min

Episode 8

Episode 8

Gler du deg til all den deilige julematen, eller er du allereie litt lei dei klassiske julemåltida? I dagens episode får du gode tips til korleis du kan lage ein liten vri på klassikarane, kva du kan ...

10 Joulu 202127min

Episode 6

Episode 6

Det blei ei dramatisk veke for Åsane og Bergen. Bystyret stemte for bybanetrasé gjennom tunnel frå sentrum, og byrådet svara med å gå av. Men kva skjer no? Me i redaksjonen oppsummerer dramatikken frå...

26 Marras 202126min

Slaget om Åsane

Slaget om Åsane

På onsdag står slaget om Åsane. Skal bybanen gå i tunnel frå sentrum, eller skal den over Bryggen? Bystyret skal stemme, men kva konsekvensar får valet for Åsane? Og kva er eigentleg forskjellen på de...

22 Marras 202147min

Episode 5

Episode 5

Ein song blei til verdas minste julegate. Eit juletre blei til ein heil marknad. Og endeleg er pepperkakebyen tilbake i sin fulle glans. Om du ikkje har fått julestemning enno, er det berre å gle seg!...

19 Marras 202122min

Suosittua kategoriassa Politiikka ja uutiset

uutiscast
aikalisa
politiikan-puskaradio
rss-ootsa-kuullut-tasta
ootsa-kuullut-tasta-2
viisupodi
rss-vaalirankkurit-podcast
tervo-halme
otetaan-yhdet
rss-podme-livebox
rss-asiastudio
rss-pinnalla
the-ulkopolitist
et-sa-noin-voi-sanoo-esittaa
rss-girls-finish-f1rst
rss-ulkopoditiikkaa
linda-maria
rikosmyytit
rss-raha-talous-ja-politiikka
aihe