Jaksokuvaus
Ein januardag i 2022 blir ein 15-åring funnen avmagra og underernært i eit ressurssterkt nabolag i Bergen. «Mathias» har ikkje vore til lege sidan han var baby, og han har aldri gått i barnehage eller på vanleg skule. Politiet innleier full etterforsking. Korleis kan eit barn som veks opp i Noreg, gå under radaren til eit heilt samfunn? Journalist: Kjersti Mjør og Anna Magnus Produsent: Arve Stigen Musikk: Arve Stigen