Javad El Bakali, Berit Reiss-Andersen og Yngvild Sve Flikke les Magnus Lagabøtes landslov
NB:arrangement14 Huhti 2024

Javad El Bakali, Berit Reiss-Andersen og Yngvild Sve Flikke les Magnus Lagabøtes landslov

I år feirar vi Magnus Lagabøtes landslov. I denne lovsamlinga ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet i Noreg. Men kva står eigentleg i denne lovboka?


Landslova inneheld reglar som regulerer eigedomsrett, giftemål og skilsmisser, arv, æresvald og jakt og fiske – for å nemne noko. No har vi endeleg fått ei folkeutgåve av Landslova, omsett til moderne bokmål, og med rettleiande ordforklaringar, slik at alle kan lese og forstå ho.

Vi har gitt teksten til tre lesarar med svært ulik bakgrunn: satirikar og komikar Javad El Bakali, jurist og mangeårig leiar av Den Norske Nobelkomite Berit Reiss-Andersen, og filmregissør Yngvild Sve Flikke.

Denne kvelden møter dei kvarandre for å diskutere kor folkeleg dei meiner den nye utgåva av Landslova har blitt, og kva ho fortel om oss – på godt og vondt. Før lesesirkelen får du òg møte han som har brukt det siste året på å omsetje lovtekstane frå eldgamal tekst til moderne språkdrakt, historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen.

Ordstyrar for kvelden er forfattar, journalist og norrønfilolog Carline Tromp.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
siita-on-vaikea-puhua
rss-ootsa-kuullut-tasta
aikalisa
sita
kolme-kaannekohtaa
i-dont-like-mondays
poks
kaksi-aitia
antin-palautepalvelu
joku-tietaa-jotain-2
yopuolen-tarinoita-2
ootsa-kuullut-tasta-2
meidan-pitais-puhua
mamma-mia
loukussa
rss-murhan-anatomia
lahko
terapeuttiville-qa
kummitusjuttuja