Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet
SunnhordlandPodden16 Joulu 2024

Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

Ellinor Austad Bergesen, leiar for Fitjar Frivilligsentral, har vore drivkrafta bak frivillig arbeid på Fitjar i 25 år. Ho deler sine erfaringar frå å leie frivillige prosjekt, utvikle aktivitetar for alle aldersgrupper, og kor viktig det er å knyte saman lokalsamfunnet gjennom frivillig innsats. Ho fortel om både høgdepunkt og utfordringar, og avslører ei spennande nyheit som kjem til neste år.

Vi får også høyre om hennar personlege reise – frå å vere Hammerfests første kvinnelige taxiførar (på hobbybasis), til å bli engasjert i frivillig arbeid og leie ein av dei viktigaste samfunnsaktørane på Fitjar.

Høyr om korleis frivillig arbeid kan endre liv og skape eit sterkare lokalsamfunn.


Støttespelar: Fitjar Kraftlag

Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.


Suosittua kategoriassa Liike-elämä ja talous

sijotuskasti
mimmit-sijoittaa
puheenaihe
psykopodiaa-podcast
rss-rahapodi
ostan-asuntoja-podcast
rss-lahtijat
pomojen-suusta
rss-rahamania
taloudellinen-mielenrauha
rss-startup-ministerio
rss-turvacast
rahapuhetta
hyva-paha-johtaminen
inderespodi
sijoituspodi
juristipodi
muutosakatemia-coaching-podcast
rss-sleekcast
rss-40-ajatusta-aanesta