Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug - om  The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring

Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug - om  The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring

I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi.

Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar til å bryta ut i mannskor på aldersheimen.

Me får høyre om kvifor det å bygge scenografi i Amfiet er som å bygge eit hus (som straks skal rivast), og kvifor det faktisk kan vere heilt greitt.

Og kvifor åtteåringar som står timevis i solsteiken, får Gunvald til å skjerpa seg.

Her blir det smil, inspirasjon og ekte teatermagi – ispedd litt matematisk forvirring om kor gamal filmen eigentleg er...

Dette er episoden for deg som:

  • elskar musikal

  • lurer på kva «strekk» betyr i teaterverda

  • og som kanskje (bittelitt) vurderer å bli frivillig neste gong Bømlo Teater ropar ut!

NB: Billettane går fort!


Sponsor: Finnås Kraftlag
Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemmene sine.

Målet er å fremja interessene til innbyggjarane og verksemdene i konsesjonsområdet.
Dette gjer dei ved å driva med produksjon, distribusjon og sal av energi, tilby breibandstenester gjennom attraktive produkt frå Altibox, og ved å dela ut gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.

Medlemmene får også kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i konsernet.

Finnås Kraftlag er ein lokal aktør som er genuint oppteken av utvikling og trivsel i nærmiljøet til kundane sine.

Ein stor takk til Finnås Kraftlag for at dei sponsar denne episoden!

Suosittua kategoriassa Liike-elämä ja talous

sijotuskasti
mimmit-sijoittaa
puheenaihe
psykopodiaa-podcast
rss-rahapodi
ostan-asuntoja-podcast
rss-lahtijat
rss-rahamania
pomojen-suusta
rss-startup-ministerio
taloudellinen-mielenrauha
leadcast
rahapuhetta
hyva-paha-johtaminen
rss-h-asselmoilanen
rss-turvacast
rss-neuvottelija-sami-miettinen
juristipodi
muutosakatemia-coaching-podcast
rss-sleekcast