Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur?

Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.

I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate!

Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».


Sponsor: Verdig Gravferd

Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære.

Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland.

Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar.

Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

Suosittua kategoriassa Liike-elämä ja talous

sijotuskasti
mimmit-sijoittaa
psykopodiaa-podcast
puheenaihe
rss-rahapodi
ostan-asuntoja-podcast
pomojen-suusta
rss-startup-ministerio
rss-lahtijat
rss-rahamania
rahapuhetta
rss-neuvottelija-sami-miettinen
kasvun-kipuja
rss-h-asselmoilanen
rss-turvacast
taloudellinen-mielenrauha
leadcast
syo-nuku-saasta
muutosakatemia-coaching-podcast
lakicast