Jaksokuvaus
Lakseskatt er vekas store sak, og «Nokon må gå»-gjengen gir deg det du treng for å henge med i samtalen. Som ein bonus får du også ei grundig analyse av Støres kunstpausar og sukk. Men også Bybanen er på veg tilbake i nyheitsbiletet. Og det ligg nokre hindringar i denne skinnegangen, som kan få valkampen til å spore av. Til slutt tar me ein ny prat om Fisketorget. Produsent: Henrik Svanevik