Jaksokuvaus
Oppfører Morten Myksvoll seg som kommunikasjonssjef for eit autoritært regime? Bybanekommentarar triggar sterke reaksjonar i Bergen, og «Nokon må gå»-gjengen diskuterer kvifor. I tillegg finst det ei fersk bergensmåling å gå gjennom, etter mykje politisk kaos i byen. Sist, men ikkje minst «Å Vestland» der Jens Kihl spør: Gir debatten rundt prinsesse Märtha Louise og Durek Verett nytt liv til tankar om vestlandsk separatisme? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: @shamandurek, Instagram, NRK, TV2.