
#66 – Eg visste ikkje at du tenkte så mykje!
Hei, hei! Mariell får heile historia om korleis det gjekk til då Jostein gjorde sitt hittil _fyrste_ smykkekjøp (til henne, altså) i vårt 20 år lange samliv. Dessutan, visste de at Jostein har ein tendens til å overtenkje ting? Du høyrde det her fyrst! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
9 Feb 46min

#65 - Ein guttural lyd av sinne
Godt nyttår! Jostein si mentale helse er no komen dit at det er på tide å podcaste litt att. Me snakkar om januar-bluesen hjå frilansarane, Italia-turen vår og somehow mannleg sinne. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016). Musikkutdrag spela på piano i starten er frå «Lo, the Full Final Sacrifice» av Gerald Finzi.
8 Jan 1h 2min

#64 - Er det ein fugl eller ei flaggermus? DET ER EI FLAGGERMUS!
Me er attende, det er sommar og faunaen lét seg freiste til å bli med på podkastinnspeling med Mariell og Jostein. Jostein meiner at Rapunzel – i fyrste del av Disney-filmen – lever eit meir eller mindre ideelt liv, og Mariell tek til å reflektere på korleis forventingane våre i 2016 til det å flytte heim matcha den realiteten me enda opp med å leva gjennom. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
30 Jul 202446min

#63 - iPod sad face :-(
Me veit kor ofte menn tenkjer på Romarriket, men kor ofte tenkjer [gruppe xyz] på menneskeætti si rolle i universet? Og kva er det som ligg bak alt saman? I couldn’t help but wonder: Can you get to a future if your past is present? For ekstra-innhald, inkludert denne vekas episode av Øydelagt, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
25 Apr 202435min

#62 - Ikkje ta kontakt
Om kvifor Mariell har reaksjonstid på 2–16 veker for tidi; om eit oppussingsprosjekt som er i gang, om ganglaget er noko traust og saktmodig; om bransjar med berekraftig økonomi og inspirasjon, og det eventuelle tilhøvet mellom desse. Som Mariell sa, ved slutten av innspelingi: «Jostein – kva var dette, eigentleg?» Høyr sjølv!
29 Jan 202455min

#61 - Godt nyttår!
Godt nyttår! Me har mykje å snakke om – og lillebror er samd, reporting live frå fanget til Mariell. Har Mariell slutta heilt å feire ting? Og korleis er livet for den nye vaksenminoriteten i familien? Kan det verkeleg stemme at Jostein no er #trebarnsfar? For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
1 Jan 202453min

#60 - Forundringspakke
Kva ville du betalt for ein koffert full av Mariell og Jostein sine ting frå London, som ingen anar kva inneheld og ikkje har vore opna sidan 2016? Dette, og fleire essensielle spørsmål, blir utforska i denne vekas avsnitt av Audeland, som òg kjem med siste nytt om flyttinga på tunet og ungane si nyvunne interesse for bossa-metal. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
14 Nov 202349min

#59 - Polly Glot
Kven er så denne Polly? Dette, og fleire pikante detaljar, som til dømes kva tjue år gamle Mariell og Jostein sin favorittaktivitet på franske hotellrom var, må du høyre på denne vekas Audeland for å finne ut! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
17 Okt 202340min