Om episode
Har du nok vatn i beredskapslageret? Korleis går du eigentleg på do når vatnet er vekk? Og bør du selje deg ut av fond? Me gir det alt du treng å vite i tilfelle dommedag nærmar seg. Og så har me sett «Jon bli bonde», og ringer ein gammal venn av podden for å krangle litt om det.