Lova for landet. Om Magnus Lagabøtes landslov. Del 2
NB:arrangement9 Nov 2018

Lova for landet. Om Magnus Lagabøtes landslov. Del 2

Som eitt av dei fyrste kongerika i Europa blei Noreg samla under ei lov mellom 1274 og 1276. I nesten fire hundre år var Magnus Lagabøtes landslov med på å forme befolkninga sitt liv. Korfor fekk Noreg landslov før nesten alle andre? Kva bygde ho på? Korleis virka ho i samfunnet i tida ho blei skrive? Og kva spor kan ein finne av ho i dagens lovgjeving? I august kom Codex Hardenbergianus til Noreg etter 500 år i Danmark. Dette er den viktigaste og vakraste av alle kjende utgåver av landslova, og det er ei stor hending at ho no er blitt tilgjengelig her. Nasjonalbiblioteket inviterer derfor til heilaftan om Magnus Lagabøtes landslov. Jussprofessor og prosjektleiar for Landslovprosjektet, Jørn Øyrehagen Sunde, ein av våre fremste forskarar i norrøn filologi og mellomalderkultur, prof. em. Magnus Rindal, historikar og ekspert på lov og rett i mellomalderen, Anne Irene Risøy, stipendiat i historie, Ole-Albert Rønning, og postdoktor Anna Horn møter programleiarar Aslak Sira Myhre og Erling Sandmo til samtalar. Øyonn Groven Myhren står for kveldens musikalske innslag, og skodespelar Frank Kjosås les utdrag frå landslova.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populært innen Samfunn

rss-spartsklubben
giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
popradet
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
konspirasjonspodden
rss-henlagt-andy-larsgaard
lydartikler-fra-aftenposten
wolfgang-wee-uncut
grenselos
fladseth
synnve-og-vanessa
frokostshowet-pa-p5
vitnemal
alt-fortalt
rss-dette-ma-aldri-skje-igjen
den-politiske-situasjonen
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
min-barneoppdragelse