Sommarspesial: Noregs mest entusiastiske politikknerd
premium
Nokon må gå4 Aug 2022

Sommarspesial: Noregs mest entusiastiske politikknerd

I sommar inviterer Nokon må gå sine draumegjester i studio, og i denne episoden har kommentator Gerd Tjeldflåt besøk av meiningsmålingsentusiast Johan Giertsen. Få har betre oversikt over den politiske situasjonen, både nasjonalt og lokalt. Giertsen har sidan 2010 drive nettstaden Pollofpolls, der han analyserer kvar ei måling som blir gjort i dette landet. Her deler han av sin svært smittande entusiasme for politikk, gir sine beste analyser for neste års lokalval, og slår fast ein gong for alle at Bergen har den sprøaste politikken i dette landet. Programleiar: Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden-usa
aftenpodden
stopp-verden
popradet
forklart
bt-dokumentar-2
det-store-bildet
nokon-ma-ga
dine-penger-pengeradet
rss-gukild-johaug
aftenbla-bla
lydartikler-fra-aftenposten
hanna-de-heldige
rss-ness
e24-podden
unitedno
oppdatert
rss-penger-polser-og-politikk
fotballpodden-2