Kvar skal ein byrje med Fosse? Med Tore Renberg, Kathrine Nedrejord og Kjartan Fløgstad

Kvar skal ein byrje med Fosse? Med Tore Renberg, Kathrine Nedrejord og Kjartan Fløgstad

No som Jon Fosse har fått nobelprisen, bør eg vel lese noko av han, tenkjer du kanskje. Men kvar skal ein byrje? Dramatikken, poesien, eller kan hende det store verket Septologien?

Til Litteraturhuset kjem tre forfattarar som har svært ulike inngangar til Fosse sin forfattarskap. Dei vil dele sine favorittar og kome med tips til kvar ein kan byrje – og fortsetje! – med Jon Fosse sine mange bøker.

Tore Renberg er forfattar av ei rekke bøker for både barn og vaksne. I år kom romanen Lungeflyteprøven, som vart nominert til Bokhandlarprisen.

Kathrine Nedrejord er forfattar og dramatikar. For si siste bok, Forbryter og straff, vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2023.

Kjartan Fløgstad er ein av våre fremste samtidsforfattarar og har gitt ut nær femti bøker.

Samtalen blir leia av Karin Haugen, forfattar og journalist i Klassekampen.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populärt inom Samhälle & Kultur

podme-dokumentar
badfluence
svenska-fall
p3-dokumentar
en-mork-historia
rattsfallen
aftonbladet-krim
skaringer-nessvold
fallen-som-forfoljer
nemo-moter-en-van
creepypodden-med-jack-werner
killradet
p3-historia
flashback-forever
kod-katastrof
hor-har
olyckan-inifran
vad-blir-det-for-mord
p1-dokumentar
rysarpodden