Jonas Tislevoll – om Adopsjon, Sør-Korea, Fotoutstilling og livet som Journalist

Jonas Tislevoll – om Adopsjon, Sør-Korea, Fotoutstilling og livet som Journalist

«Som journalist er han ei Duracell-kanin som jaktar på nyheiter heile døgnet.» er attesten frå redaktøren i avisa Sunnhordland. Jonas Tislevoll har formidla sterke historier både i lokalavisa og andre medium. Han er aktuell med fotoutstilling, og han har sjølv ei historie litt utanom det vanlege. I denne episoden får du høyre den sterke forteljinga om korleis det var å leite etter, og endeleg møte, si biologiske mor.
Du får også høyre om korleis bileta frå reisa har vunne prisar og stipend, og du får eit glimt inn i kvardagen som journalist i avisa Sunnhordland.


Sponsor: Print og Ramme


Er du òg glad i å ta bilete? Då deler du lidenskapen med fotografane som driv Print og Ramme. Du finn dei midt i Leirvik sentrum, i Torgbakken 11. Her produserer dei mellom anna foto, Fine Art-trykk, print montert på aluminium og foto på lerret. Dei er regionen sine største på innramming og hjelper deg med alt frå kunsttrykk og måleri, til fotballdrakter og fagbrev.
Sjekk ut Print og Ramme på Instagram og Facebook.
Du finn meir informasjon på printogramme.no.

Stor takk til Print og Ramme for at dei ville vera sponsor for denne episoden.

Populärt inom Business & ekonomi

badfluence
framgangspodden
varvet
rss-borsens-finest
svd-ledarredaktionen
avanzapodden
lastbilspodden
uppgang-och-fall
rss-dagen-med-di
affarsvarlden
fill-or-kill
borsmorgon
rss-kort-lang-analyspodden-fran-di
tabberaset
rss-inga-dumma-fragor-om-pengar
rss-en-rik-historia
kapitalet-en-podd-om-ekonomi
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
rss-svart-marknad
rss-badfluence