Tvisynt og framsynt. Vesaas, Grepstad og Haugen
NB:arrangement15 Maj 2018

Tvisynt og framsynt. Vesaas, Grepstad og Haugen

Nasjonsbyggjar og folkeopplysar. Moderne bladfyk og folkekjær poet. Profet for målsaka, og martyr i same rørsle. Alvorstung, og på same tid ein skøyar. Han kunne «graata med det eine Augat og læ med det andre.» Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) har sett tydelege spor etter seg både i eiga samtid og i det Noreg vi kjenner 200 år seinare. Biografien A.O. Vinje. Ein tankens hærmann av Olav Vesaas kjem i høve Vinje-jubileet i ny utgåve, og direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har samla ein bibliografi over alle Vinjes skrifter. No møter dei Trond Haugen, fagansvarleg for Nasjonalbiblioteket si utstilling «Journalistikken – fridomens sjanger?», til samtale om Vinjes liv og virke, og korleis arven etter han lever vidare.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populärt inom Samhälle & Kultur

podme-dokumentar
p3-dokumentar
mardromsgasten
en-mork-historia
nemo-moter-en-van
svenska-fall
killradet
creepypodden-med-jack-werner
skaringer-nessvold
flashback-forever
rattsfallen
hor-har
sanna-berattelser
badfluence
rss-kod-rod-2
rss-sanning-konsekvens
rss-korten-pa-bordet-2
vad-blir-det-for-mord
rss-vad-fan-hande
aftonbladet-daily