Guds skjønne døtre. Undset og mellomallegorien som endra Noreg
NB:arrangement1 Sep 2020

Guds skjønne døtre. Undset og mellomallegorien som endra Noreg

«Guds skjønne døtre» er namnet på publikumsbygget på Bjerkebæk, heimen til Sigrid Undset som i dag er museum og kultursenter. Namnet er henta frå tittelen til eit essay Sigrid Undset skreiv under eksil i USA under den andre verdskrigen, og som ho publiserte i Verdens Gang 22. desember 1947. I essayet tek Undset utgangspunkt i ein allegori om «Guds fire døtre» i det norrøne danningsverket Kongsspegelen, og brukar han til å fundere over samfunnsverdiar som lid i «vår forvirrede, plagede og sundsprengte verden».


Men kvar fekk Sigrid Undset kunnskapen om «Guds fire døtre» frå, korleis kom denne allegorien inn i norsk tenking i mellomalderen, og korleis endra han Noreg? Å finna svaret har vore eit detektivarbeid, og det fortel professor i rettshistorie og leiar av Landslovprosjektet Jørn Øyrehagen Sunde om i dette foredraget.

Les bøker om og av Sigrid Undset på nb.no: https://www.nb.no/search?q=sigrid%20undset&mediatype=b%C3%B8ker

Foredraget blir spelt inn via foredragshaldaren si datamaskin heimefrå.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populärt inom Samhälle & Kultur

mardromsgasten
podme-dokumentar
rattsfallen
en-mork-historia
aftonbladet-krim
p3-dokumentar
nemo-moter-en-van
skaringer-nessvold
badfluence
blenda-2
creepypodden-med-jack-werner
killradet
flashback-forever
hor-har
kod-katastrof
vad-blir-det-for-mord
aftonbladet-daily
p3-dystopia
varvet
rysarpodden