Levande brev: Kjære mor
NB:arrangement23 Mars 2021

Levande brev: Kjære mor

«Ikke før hadde jeg skrevet det foregående, og endog før jeg hadde fått tid til å postlegge det, så får jeg ditt elleville, redselsfulle dokument om hvor vårkåt du føler deg, i en alder av snart 80 år, og at du akter å komme til Oslo til syttende mai», slik innleier Agnar Mykle teksten «Brevet til moren». I brevarkiva hos Nasjonalbiblioteket og Arkivverket er det mangt eit menneske, både gamalt og ungt, som har skrive heim til mor. På både vondt og godt er og blir ho ei hamn å søke seg til i livets storm og stille. Ei å skjelle ut, eller ei å tru seg til.

Gisken Armand, Helene Bergsholm, Kingsford Siayor og Mads Ousdal levandegjer eit lite knippe av breva stila til ei kjær mor. Kari Slaatsveen losar oss gjennom programmet, og Ellen Andrea Wang toneset arrangementet.

Under fana «Levande brev» inviterer Nasjonalbiblioteket til opplesing av brev frå den norske kulturhistoria. Vi har allereie teke føre oss kjærleiken, katastrofen, reisa, ulykka, kamp og Jens Bjørneboe som brevskrivar. Denne gongen er det «Kjære mor» som står for tur.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populärt inom Samhälle & Kultur

mardromsgasten
podme-dokumentar
p3-dokumentar
en-mork-historia
aftonbladet-krim
badfluence
rattsfallen
nemo-moter-en-van
skaringer-nessvold
creepypodden-med-jack-werner
killradet
blenda-2
flashback-forever
hor-har
kod-katastrof
vad-blir-det-for-mord
aftonbladet-daily
varvet
rysarpodden
p3-dystopia