Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland.

I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar.


Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.


Du får også høyre meir om:

  • Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgård
  • Korleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)
  • Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu deg
  • Engasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse AS
  • Kva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på Stord


Bli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne.


Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.


Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!


Sponsor: Stord Apartments

Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar.

Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord.

Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.


Sjekk ut https://stordapartments.no for meir info.

Avsnitt(376)

Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur? Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate! Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».Sponsor: Verdig GravferdHjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

6 Okt 43min

Livepod frå Bømlakonferansen 2025 med Martin Laurhammer

Livepod frå Bømlakonferansen 2025 med Martin Laurhammer

Han er mannen som alltid får ting gjort. Martin Laurhammer har fått både Næringsforeningen på Haugalandet sin bragdpris og Haugesund kommunes ærestegn«De fykende måker»,  for innsatsen sin. Ein mann med handlekraft, stå-på-vilje – og ei imponerande evne til å finne løysingar der andre ser problem.I denne live-episoden frå Bømlakonferansen 2025 får du høyre Martin dele om oppveksten på småbruk, korleis arbeidsmoral og dugnadsånd vart forma tidleg, og historia om korleis far hans overtydde han om å flytte heim til Bømlo: «Du skal komme heim og hjelpe folk å få til noko.»Laurhammer fortel òg om viktige prosjekt som vannverksutbygging, Trekantsambandet, Moster Amfi og Haugesund lufthamn – og om verdien av å stå på når byråkratiet seier nei. Han deler óg ærlege glimt frå sjukdom, livet som pensjonist (utan å legge arbeidsiveren heilt på hylla) – og ikkje minst råd til unge om integritet og korleis ein kan få ting til i dag.

29 Sep 28min

Bonusepisode - Mr. Halloween

Bonusepisode - Mr. Halloween

Her får du ein smakebit av musikken du kan oppleva i Mr. Halloween sin magiske butikk 🎶 Songen Mr. Halloween er skriven og framført av John Ståle Eldøy.Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!⁠Sponsor: Peppes Pizza Stord Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.Send ein e-post til ⁠peppes@peppes.no⁠ for å opprette bedriftskonto i dag.Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.

26 Sep 3min

Erik Jørgensen - om Musikken, Galskapen, Dugnadsånda og Mr. Halloween sin magiske butikk

Erik Jørgensen - om Musikken, Galskapen, Dugnadsånda og Mr. Halloween sin magiske butikk

Erik Jørgensen – ei ekte eldsjel i kulturlivet på Stord. Han har skrive og sett opp musikalar og teater i fleire tiår, og no er han aktuell med stykket Mr. Halloween sin magiske butikk.Vi snakkar om oppvekst, bandlivet på 70- og 80-talet, korleis Askepott-rocketeateret vart til, og kvifor han aldri har gitt seg med å skape noko nytt. Her får du høyre om galskapen, dugnadsånda og gleda som driv fram store prosjekt – og kvifor han meiner at du må elske det du gjer, elles kan du berre gløyme det.Dette er historia om ein mann som har sett djupe spor i kulturlivet – med mykje humor, kreativitet og varme!Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!Sponsor: Peppes Pizza Stord Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.Send ein e-post til peppes@peppes.no for å opprette bedriftskonto i dag.Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.

22 Sep 39min

Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane

Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane

Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasjement og god formidlingsevne.Sponsor: Fitjar KraftlagFitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.Fitjar Kraftlag feirar 90 år i 2025, og laurdag 27. september inviterer dei til jubileumsfeiring med familieaktivitetar, konsert og fest. Les meir på www.fitjar-kraftlag.no.Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!

15 Sep 1h 1min

Lena Christensen - Når bicepsen ryk: identitetskrise, rehab og nye mål

Lena Christensen - Når bicepsen ryk: identitetskrise, rehab og nye mål

Ho har løfta tyngre enn dei fleste, teke gull i Noreg og Norden – og drive treningssenter gjennom både pandemi og krevjande år. Så smeller det: biceps ryker i konkurranse, og livet blir snudd på hovudet. I denne episoden fortel Lena Christiansen om vegen frå pall til operasjonsbord, om identitetskrise, rehabilitering og det beinharde mentale arbeidet som må til for å kome tilbake. Vi snakkar òg om kvifor eit treningssenter kan vere livline for folk flest, korleis du kjem i gang utan å «kunne alt», og kvifor ro, fjellstiar og ein treningspark på ei lita gresk øy blei redninga.Sponsor: Bømlo StorsenterPå Bømlo Storsenter, midt i Svortland sentrum, finn du mange fine butikkar der du vert tatt imot av imøtekomande tilsette!Her er òg bedrifter som Nemus, bank, tannlege, rekstenesteførar, BUA m.m.Mot torget finn du den koselege kaféen HiSio.Ved sida ligg den velrenommerte klesbutikken Østensen – som har kledd opp menn og damer i alle aldrar i fleire generasjonar.Lilly på Såpehuset produserer og sel dei lekraste såpene og badesalta.Likar du å trene, er Sporty Bømlo plassen å gå.Bømlo Storsenter har flotte kjedebutikkar som Princess, Nille, Mekk, Sport Outlet og Cubus.Apotek 1 Bømlo har alt du treng av medisinar og hudpleieprodukt.Treng du ein hårklipp, spør Isam Frisør.Hos NMS Gjenbruk finn du brukte skattar i ein stor og fin butikk, med ny avdeling for klede.Rema 1000 Bremnes set si ære i å tilby kundane ein velfylt butikk til einkvar tid.I nærleiken finn du Vinmonopolet.Hos Bømlo Velværesenter får du både hudpleie, hudpleieprodukt samt vakre klede og tilbehøyr.I oktober opnar Bømlo Storsenter Sams kontorfellesskap, der mange spanande bedrifter flyttar inn.Velkomen til ein triveleg handel på Svortland!

8 Sep 53min

Ulvar Akselsen: Frå Stord-politikk til stortingsambisjonar

Ulvar Akselsen: Frå Stord-politikk til stortingsambisjonar

Kva driv ein 23-åring til å stå i lange møte, banke på dører – og sikte mot Stortinget? I denne episoden får du møte Ulvar Akselsen (Ap), lokalpolitikar på Stord og sjettekandidat i Hordaland. Vi snakkar om kvardagen i utval for rehabilitering, helse og omsorg, lærdom frå oppveksten og samtalane heime med pappa Olav Akselsen, og korleis det er å kombinera studieliv, samboarskap og valkamp.Ulvar deler tankar om velferdsstaten, skatt og små forskjellar, unge på Stortinget, kampen mot utanforskap, og korleis me kan rigga Sunnhordland for framtida – frå industri og havvind til Hordfast. Du får òg høyra korleis dørbanking faktisk kjennest, og kvifor breie kompromiss av og til er vanskelegare enn dei ser ut.Ein open og energisk prat om politikk som rører ved kvardagen vår – lokalt og nasjonalt.-----------Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠⁠

1 Sep 47min

Reinert Svanberg om Personleg Fridom og Ansvar, Formuesskatten og Økonomisk Vekst

Reinert Svanberg om Personleg Fridom og Ansvar, Formuesskatten og Økonomisk Vekst

Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg. Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn.Personleg fridom og ansvar – ønsket om minst mogleg statleg styring og overstyring i folks liv.Økonomisk vekst og verdiskaping – behovet for å skape lønnsame arbeidsplassar utan å tape av syne miljø og lokalsamfunn.Formuesskatten – kvifor FrP ønskjer å fjerne den, og kva konsekvensar han meiner den har for norske bedrifter.Kompromiss i politikken – kvar grensene går for kva han er villig til å forhandle om, og kva han meiner ein ikkje bør fire på.Lokalpolitikk og arealsaker – erfaringar med dispensasjonar, reguleringsplanar og kritikk av statsforvaltaren si rolle.Internasjonal erfaring – lærdom frå å pendle og jobbe i Polen og Singapore, og korleis det påverkar synet på økonomi og samfunn.Hordfast – sett som den største framtidige moglegheita for Stord og Sunnhordland.Arbeidsliv og respekt for fagkompetanse – verdien av både fagarbeidarar og ingeniørar, og korleis dette formar politikken hans.-----Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: ⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠

25 Aug 1h 4min

Populärt inom Business & ekonomi

badfluence
framgangspodden
varvet
svd-ledarredaktionen
rss-svart-marknad
avanzapodden
rss-borsens-finest
borsmorgon
rss-kort-lang-analyspodden-fran-di
rss-dagen-med-di
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
lastbilspodden
dynastin
uppgang-och-fall
affarsvarlden
rss-placerapodden
rss-inga-dumma-fragor-om-pengar
tabberaset
24fragor
rss-en-rik-historia