Om avsnittet
Over heile verda protesterer iranarar mot regimet etter dødsfallet til Mahsa Amini. Den kurdiske 22-åringen vart fengsla av moralpolitiet i Teheran og banka opp. Ho døydde kort tid etter. I denne episoden møter du den norsk-iranske legen Elham Baghestan, som vart fengsla og dømt av moralpolitiet som 16-åring. Ho veit kor livsfarleg det er for dei mange tusen iranarane som står opp for Mahsa Amini. Journalist: Kjersti Mjør Produsent: Anna Ofstad Musikk: Henrik Svanevik