Podme logo
HemUpptäckKategorierSökStudent
LU-mini #2 Stian Bones | Har vi fortsatt noe å lære av andre verdenskrig?

LU-mini #2 Stian Bones | Har vi fortsatt noe å lære av andre verdenskrig?

25:582023-05-04

Om avsnittet

Vi har endå mykje å lære frå andre verdskrigen, seier historieprofessor Stian Bones hjå UiT.  Bones trur at ein kan finne viktige svar i historia som notidas samfunn treng. Men då må vi først avlive ein vanleg myte; at fortida er avslutta. For fortida lever framleis ved at vi stadig finn nye kjelder, kombinerer kjelder på nye måtar, eller stiller nye spørsmål. Vår forståing av fortida endrar seg.  Dei som kom før oss har på mange vis skapt verda vi lever i. Deira handlingar er grunnlaget for kor vi er no, og dei skapte historiene vi gjenfortel om oss sjølve. Men vi ser verda litt annleis enn dei, vi formar vår verd vidare. Vi kan ikkje leggje skjul på at fortida vert brukt, heile tida og til alle slags formål. I Russland brukar Putin fortida til å legitimere ein forferdeleg og folkerettsstridig krig mot Ukraina. Han snakkar om at han må avnazifisere leiinga i Ukraina, og at andre verdskrigen viste at Russland sigra då og vil sigre igjen.  Når vi bruker fortida, må vi bruke ho med empati og respekt. Samstundes må vi vere kritiske og søkje etter sanning – vi må ta til oss fakta.  Andre verdskrigen er heller ikkje eit avslutta kapittel, sjølv om han tok slutt for over 80 år sidan. For oss på universitetet er det viktig å bruke han vitskapeleg, og få ny kunnskap.  Andre verdskrigen utvidar òg perspektiva våre, fordi han får oss til å forstå oss sjølve som menneske. Vi lærer når vi tek inn over oss det andre menneske har vore nøydd til å oppleve. Det hendte kanskje med folk eller slekt ein veit kven er, og det skjedde jo her kor vi bur no.  Vi vert trente i empati, og det trengs når ein ser korleis enkelte leiarar kan ta skjebnesvangre val som sender millionar av menneske ut i naud og lidingar. Vår evne til å forstå konsekvensane av krig aukar når vi kan sjå det i samanheng med korleis krig påverkar oss.  Menneske som opplevde krigen visste kva eit terrorvelde var, kva friheit tyder og kor viktig ein rettsstat og tryggleik er.  Slik historisk kunnskap, eller slike måtar å bruke historia på, gjer oss moglegheit til å vise kva slags verdiar og interesser vi set pris på, og kva for verdiar og interesser vi ønskjer å kjempe imot.  Når det gjeld kampen om ideologiar og kva som står på spel i verda, så er det klart at andre verdskrigen må få ein sentral plass på grunn av nazismen og rasismen. Jødane vart forsøkt utrydda, òg i Noreg. Og ein skal òg hugse på at rasekrigen i Noreg ikkje berre var mot jødar, men og mot andre folkeslag, og fangar som tyskarane tok rundt i Europa og førte hit og utrydda. Til dømes vart sovjetiske krigsfangar og jugoslavar sende til Noreg for å gå til grunne.  Krigen er òg ein konkret læringsprosess. Den gjev oss moglegheit til å reflektere over dei vala vi kan verte nøydde til å ta. Kva ville du gjort? Krigshistoria er full av dilemma og vanskelege val. For politikarar har desse spørsmåla stor betydning for korleis ein bestemmer kva vi som stat, samfunn, og nasjon skal gjere. For vi vil jo ikkje oppleve noko slikt igjen. Vi vil sørge for at den kampen vi vann i 1945 skal stå ved lag. Og då må nokon ta vanskelege avgjerder på vegner av oss som samfunn og nasjon. Og andre verdskrigen er eit kjempestort reservoar av eksemplar på korleis ein kan forstå og løyse vanskelege spørsmål, og kva store, internasjonale problemstillingar tyder for Noreg. Heile historia til Noreg etter andre verdskrigen og dei vala vi har teke på vegner av Noreg som nasjon, har vore prega av krigen. Om vi skal forstå korleis stormakter vil relatere seg til Noreg i notida, er det viktig å forstå andre verdskrigen.

Senaste avsnitten

Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

Et destabilisert Russland, trusselscenarier og konsekvenser for Norge 

2024-09-0549min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

#12 Gaute Svensson | Hvor ble det av sjømaten i reiselivet?

2024-06-0650min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

#11 Tina Pettersen Engseth | Menstrausjonssyklusen i trening, prestasjon og velvære

2024-05-0641min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

#10 Ketil Lenert Hansen | Psykisk helse og levekår blant samisk ungdom

2024-02-0439min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

#9 Bente Johnsen | En god alderdom - også for våre kognitive evner.

2024-01-1942min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

#8 Robert Jenssen | Kunstig intelligens - Hva er det? Hvordan kan det (mis)brukes?

2023-12-0759min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

LU-mini #11 Marius Storvik | Politimeister Bastian er ein diktator!

2023-11-2424min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

LU-mini #10 Jonas Jakobsen | Kan demokratiet reddast?

2023-11-1027min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

LU-mini #9 Shona Wood | Kva er dvale og korleis får det oss til Mars?

2023-10-1919min
Lørdagsuniversitetet
Lørdagsuniversitetet

#7 Inga Bårdsen Tøllefsen og Anne Ragnhild Grini | Energi i og med Yoga

2023-10-191h 28min
logo

PODME

INFORMATION

  • Om kakor
  • Allmänna villkor
  • Integritetspolicy
  • Press

LADDA NED APPEN

app storegoogle play store

REGION

flag
  • sweden_flag
  • norway_flag
  • finland_flag

© Podme AB 2024