Offerkultur og krenkingsretorikk: Er ytringsrommet for økonomar under press?
KÅKÅ9 Huhti 2021

Offerkultur og krenkingsretorikk: Er ytringsrommet for økonomar under press?

I debatten om økonomiske spørsmål i Noreg kan ein no finne tema der takhøgda er på veg ned, spesielt for økonomar som tek eit perspektiv som ikkje er politisk korrekt, eller som kan verke provoserande for bestemte interessegrupper. Innvandring, kjønn, klimapolitikk, oljepolitikk, vindkraft og distriktspolitikk er døme på område der interessene er sterke, tonen er tøff og der engasjement kan bli ei belasting - om ein ikkje tek dei «rette» standpunkta. Faren med eit slikt debattklima er at terskelen for deltaking stig, at engasjementet går tapt blant forskarar og andre ekspertar, og at scena blir overlaten til folk sterk overtyding og svak underbygging.

KÅKÅnomics 2020 spør om tonen i samfunnsdebatten har blitt hardare, eller om folk flest har blitt mykje meir følsame? Stadig oftare ser ein at individ og grupper let seg forulempe og krenke, og diskusjonane går høgt om kva ein destruktiv offerkultur kan få å seie for ytringsrommet. Korleis pregar dette debatten om økonomiske spørsmål i Noreg?

Du møter mellom anna:
- Kjetil Lund, direktør Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
- Karen Helene Ulltveit-Moe, professor samfunnsøkonomi UiO, medlem Norges Banks hovedstyre, leia Havbruksskatteutvalget
- Erling Holmøy, seniorforsker SSB

Programleiar er Klaus Mohn, rektor UiS

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(66)

Suosittua kategoriassa Politiikka ja uutiset

uutiscast
aikalisa
politiikan-puskaradio
ootsa-kuullut-tasta-2
rss-ootsa-kuullut-tasta
otetaan-yhdet
rss-seksicast
rss-podme-livebox
tervo-halme
rss-asiastudio
et-sa-noin-voi-sanoo-esittaa
rss-voi-venaja
rss-kaikki-uusiksi
rss-vaalirankkurit-podcast
rss-diet-woke
rss-raha-talous-ja-politiikka
eevan-politiikkapodi-totuuksia-suomesta
linda-maria
rss-tyolinjalla-pekka-sauri