
Vestlandsvasking, Erna-bok og køkaos
Erna Solberg har gitt ut eit nytt politisk manifest, men i Nokon må gå-studio blir det reist eit stort spørsmål til det heile. For kva gjorde ho eigentleg då ho styrte sjølv? Rikingar som prøver å vestlandsvaske skatteproblema sine er også tema. Og i vekas «Å Vestland» står by mot land når vegarbeid og kø er tema. Er det eigentleg synd på byfolk som står i kø på veg til hytta? Produsent: Henrik Svanevik
9 Maalis 202336min

Samedemonstrantar, nattmat og kvifor hatar regjeringa Bergen?
Regjeringskvartalet er okkupert av demonstrantar. Fosen-saka er blitt eit enormt dilemma for regjeringa, og i denne episoden får du dei viktigaste momenta oppsummert. Me snakkar også om boka som riv opp gamle sår i Arbeidarpartiet, og sluttar ikkje å la oss sjokkere av ukulturen kvinner er utsett for. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis regjeringa i skjul har bestemt å bygge ned Bergen. Produsent: Henrik Svanevik
2 Maalis 202337min

Spesial: Eitt år etter invasjonen
I eitt år har det vore fullskala-krig i Europa. Den gongen såg det svært mørkt ut, idet russiske stridsvogner var på veg mot Kyiv. Men både byen og Ukraina står enno. Krigen har likevel enorme kostnader, og grip inn i våre liv. Vår eigen ekspert, kommentator Morten Myksvoll oppsummerer, og gir deg analysene om korleis krigen kan utvikle seg vidare. Produsent: Henrik Svanevik
23 Helmi 202323min

Spesial: Høgre til nye høgder
Høgre gjer si beste BT-måling i Bergen på eit tiår. Og dei har enno potensiale til å vekse. Ap, derimot, strevar framleis langt under 20-talet. Finst det noko håp i all miseren? Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt dykkar ned i tala i den rykande ferske målinga. Produsent: Henrik Svanevik.
20 Helmi 202320min

Kokain, Lothepus, sosialdemokratiske forum og mykje, mykje meir
Ap står i brann, men partitoppane i Bergen lukkar auga og lagar tøysete stemning. Frp skaffar seg nye realitykjendisar, etter å ha gitt slipp på andre. Sophie Elise og Märtha Louise sjokkerer på kvar sin måte. Produsent: Henrik Svanevik
16 Helmi 202341min

Titcock, Trym Aafløy-comeback og litt skam
Justisministerens Tiktok-blemme får ingen vidare konsekvensar. Er det fordi så mange andre politikarar også er dårlege på datatryggleik? I Bergen ventar me på rekordmange cruiseturistar og Trym Aafløy gjer comeback. Og sist, men ikkje minst: «Nokon må gå» er blitt forska på. Konklusjonen gjer oss litt skamfulle. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Stortinget, Fred Olsen cruises
9 Helmi 202335min

Spesial: Småpartia kaprar veljarar
Bompengegeneral Trym Aafløy stiller ny liste til valet i Bergen, og føyer seg inn i rekka av små lister og parti som no påverkar norsk politikk meir enn du skulle tru. Målingsekspert Johan Giertsen er med i studio for å dykke ned i partikategorien «Andre». Og her finn me langt fleire veljarar enn før. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
7 Helmi 202318min