Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen
Brynekyrkja2 Huhti

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Lesetekst 1

Herren sa til Moses og Aron i Egypt:


Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter.


Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

2. Mosebok 12,1, 3-8, 11-14

Lesetekst 2

De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen? Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.

1. Korintar 5,6–8

Evangelietekst

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.

Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»

Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

Matteus 26,17–30

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(99)

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Heinä 12min

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrs...

7 Kesä 23min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Touko 20min

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Evangelietekst.Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord slik dei gjer blant folkeslaga; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før...

26 Huhti 15min

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

EvangelietekstEg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulv...

19 Huhti 34min

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1De er mine vitne, seier Herren,og min tenar, som eg har valt ut,for at de skal kjenna meg og tru på megog skjøna at eg er Han.Før meg har ingen gud vorte forma,og etter meg skal ingen koma....

12 Huhti 23min

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1Herren er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! Herrens høgre hand gjer storverk,Herrens høgre hand lyfter opp. Herre...

5 Huhti 26min

Suosittua kategoriassa Uskonto ja hengellisyys

yopuolen-tarinoita-2
kulttien-johdossa
lahko
rss-lakeuden-valo
voi-hyvin-meditaatiot-2
rss-yopuolen-tarinoita
astropodia
rss-tarot-oivallusten-kortit
harhaoppia
rss-vapaudu-voimaasi
rss-mielen-laboratorio
rss-miehen-mieli-podcast
rss-valo-minussa-2
rss-mieletonta-elamaa
rss-seuraa-sieluasi
rss-laukkaava-lammas
rss-mukillinen-motivaatiota
rss-andrei-puhuu
rss-ville-anttila-podcast