
NMG Live: Kan me fikse bergenspolitikken på éin kveld?
Bergenspolitikken har vore gjennom nokre turbulente år. For å prøve å fikse dette, har «Nokon må gå» tydd til parterapi, direkte på scena til Det Vestnorske Teateret i Losjen. Med oss på scena var byrådsleiarkandidat Christine Meyer (H) og kulturbyråd Eduardo «Doddo» Andersen (Ap). Programleiarar: Morten Myksvoll, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Gjestar: Christine Meyer (H) og Eduardo «Doddo» Andersen (Ap) Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
8 Joulu 202254min

Pengedryss over Vestlandet, skillingsbolle på ein snurr og infantile studentar
Det er semje om statsbudsjettet, og SV har sikra pengar til viktige vegar og prosjekt her vest. Samstundes får regjeringspartia stadig nye skrekkmålingar. Kan det henge saman? I Bergen har studentane erklært utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) persona non grata, noko som har skapt intern strid i podden. Det same har vår tids viktigaste bakst- og bollespørsmål, og NMG-gjengen tar debatten. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
1 Joulu 202239min

Ap-krise, fylkesbygget får kjeft og strilementalitet
Krisemålingane kjem på løpande band for Arbeidarpartiet. Sett frå vest, freistar det å skulde på lakseskatten. Men er det eigentleg Aps problem no? Og korleis skal Ap kome seg opp att? Det er hovudsaka i denne vekas episode. Me diskuterer òg Arkitekturopprøret, som nominerte det nye fylkesbygget i Bergen til Grøss-prisen, og Jens spør om det er strilementalitet som skal få oss gjennom klimakrisa. Programleiarar: Morten Myksvoll, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
24 Marras 202245min

Rasisme, Doddo-kritikk og Sophie Elise i Sogn
Sumaya Jirde Ali har meldt Atle Antonsen til politiet for hatytringar. Saka har skapt store reaksjonar, og utløyst ein ny debatt om rasisme i Noreg. Bergens nye kulturbyråd Eduardo «Doddo» Andersen får kritikk for å vere for lite erfaren. Men er det rettvist? Vekas «Å Vestland» handlar om Sophie Elises besøk i Lustrabadet. Men burde jentenachspielet eigentleg vore i Lærdalstunnelen? Programleiarar: Eirin Eikefjord, Morten Myksvoll og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, BT
17 Marras 202246min

Lysbakken går, Mæland er tilbake
Audun Lysbakken går av som SV-leiar til våren, og «Nokon må gå»-podkasten oppsummerer hans tid som partileiar. Men éin ting skapte meir furore i redaksjonen enn ein avtroppande partileiar frå Bergen: Monica Mæland er tilbake, for ho blir ny direktør i Bergen Næringsråd. I vekas «Å Vestland» dykker Jens Kihl ned i det mørkaste han har sett av moralisme: Sjokoladesituasjonen på helsetunet i Balestrand. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, NRK
10 Marras 202239min

Vestlandets første (og siste?) 100 km/t-veg
Motorvegen mellom Bergen og Os har opna, og me lurar på om dette er alt me får i vest. For det er ikkje akkurat mange oppturar på samferdslefeltet for tida. Hans prøver å vere optimist på klimaets vegne og Eirin dukkar opp for å rapportere frå slottet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll, Hans Mjelva og Eirin Eikefjord. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, Frp, FN og TV 2
4 Marras 202239min

Nytt byråd i Bergen
Arbeidarpartiet dannar byråd saman med Venstre, medan MDG ikkje får vere med vidare. På ein pressekonferanse torsdag sa avtroppande byråd Thor Haakon Bakke (MDG) at han var sjokkert. Me snakkar oss gjennom siste nytt i Bergens politiske drama i denne ekstraepisoden. Vekas vanlege episode kjem fredag. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord. Produsent: Morten Myksvoll Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
3 Marras 202222min

Ein telefon frå slottet
Like før innspeling, fekk Eirin Eikefjord ein telefon frå slottet — og dei lurte på om ho kom på middag i kveld. Det skapte furore i det opne kontorlandskapet. Denne veka snakkar me òg om Sigbjørn Gjelsvik og FFI-rapporten om valtryggleik, justismordet i Baneheia og byen Oslo ikkje veit eksisterer. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK
27 Loka 202232min