Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern.

Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange knapt veit kva er.

Dette er ei episode om talent, hardt arbeid og draumen om å leva av musikken. Men også om å bli ven med eigne svakheiter, gjera feil, reisa seg igjen – og berre "gønne på".

Og ja: Du får sjølvsagt høyra korleis eit eufonium faktisk høyrest ut.


Sponsor: Finnås Kraftlag

Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemene sine, med eit sterkt engasjement for utvikling og trivsel på Bømlo.

Det merkar ein ikkje minst gjennom dei mange gåvene og støtteordningane dei deler ut til lag, organisasjonar og gode tiltak i lokalsamfunnet. Eit godt døme er Ungdomsstipendet, som blir tildelt unge under 26 år som har utmerkt seg på nasjonalt eller internasjonalt nivå innan idrett, kultur eller utdanning – og som er gode førebilete for andre på Bømlo.

Faktisk er gjesten i dagens episode, Tobias Haldorsen, ein av dei som har fått dette stipendet.

I tillegg til å levera straum og breiband gjennom Altibox er Finnås Kraftlag oppteke av å skapa verdiar som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Stor takk til Finnås Kraftlag for at dei er med og støttar Sunnhordlandpodden!

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(427)

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt?I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyr...

14 Syys 43min

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Korleis får du ein bil til å skinne? I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med.Sveinung fortel om ...

7 Syys 1h

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina. I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bond...

31 Elo 1h 26min

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk.Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygn...

24 Elo 55min

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar.I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg, som tek oss med bak kulissan...

17 Elo 51min

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilna...

10 Elo 1h 3min

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i.I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdomm...

27 Heinä 48min

Suosittua kategoriassa Liike-elämä ja talous

sijotuskasti
vallattomat
psykopodiaa-podcast
rss-rahapodi
mimmit-sijoittaa
rss-oivalluksia-rahasta-elamasta
ostan-asuntoja-podcast
lakicast
rss-paasipodi
hyva-paha-johtaminen
oppimisen-psykologia
rss-rahamania
rss-inderes
rss-karon-grilli
juristipodi
rss-pinnan-alle
pomojen-suusta
rss-porssipodi
sijoitusovi-podcast
rss-alanvaihtajat