LU-mini #2 Stian Bones | Har vi fortsatt noe å lære av andre verdenskrig?

LU-mini #2 Stian Bones | Har vi fortsatt noe å lære av andre verdenskrig?

Vi har endå mykje å lære frå andre verdskrigen, seier historieprofessor Stian Bones hjå UiT.

Bones trur at ein kan finne viktige svar i historia som notidas samfunn treng. Men då må vi først avlive ein vanleg myte; at fortida er avslutta. For fortida lever framleis ved at vi stadig finn nye kjelder, kombinerer kjelder på nye måtar, eller stiller nye spørsmål. Vår forståing av fortida endrar seg.

Dei som kom før oss har på mange vis skapt verda vi lever i. Deira handlingar er grunnlaget for kor vi er no, og dei skapte historiene vi gjenfortel om oss sjølve. Men vi ser verda litt annleis enn dei, vi formar vår verd vidare.

Vi kan ikkje leggje skjul på at fortida vert brukt, heile tida og til alle slags formål. I Russland brukar Putin fortida til å legitimere ein forferdeleg og folkerettsstridig krig mot Ukraina. Han snakkar om at han må avnazifisere leiinga i Ukraina, og at andre verdskrigen viste at Russland sigra då og vil sigre igjen.

Når vi bruker fortida, må vi bruke ho med empati og respekt. Samstundes må vi vere kritiske og søkje etter sanning – vi må ta til oss fakta.

Andre verdskrigen er heller ikkje eit avslutta kapittel, sjølv om han tok slutt for over 80 år sidan. For oss på universitetet er det viktig å bruke han vitskapeleg, og få ny kunnskap.

Andre verdskrigen utvidar òg perspektiva våre, fordi han får oss til å forstå oss sjølve som menneske. Vi lærer når vi tek inn over oss det andre menneske har vore nøydd til å oppleve. Det hendte kanskje med folk eller slekt ein veit kven er, og det skjedde jo her kor vi bur no.

Vi vert trente i empati, og det trengs når ein ser korleis enkelte leiarar kan ta skjebnesvangre val som sender millionar av menneske ut i naud og lidingar. Vår evne til å forstå konsekvensane av krig aukar når vi kan sjå det i samanheng med korleis krig påverkar oss.

Menneske som opplevde krigen visste kva eit terrorvelde var, kva friheit tyder og kor viktig ein rettsstat og tryggleik er.

Slik historisk kunnskap, eller slike måtar å bruke historia på, gjer oss moglegheit til å vise kva slags verdiar og interesser vi set pris på, og kva for verdiar og interesser vi ønskjer å kjempe imot.

Når det gjeld kampen om ideologiar og kva som står på spel i verda, så er det klart at andre verdskrigen må få ein sentral plass på grunn av nazismen og rasismen. Jødane vart forsøkt utrydda, òg i Noreg. Og ein skal òg hugse på at rasekrigen i Noreg ikkje berre var mot jødar, men og mot andre folkeslag, og fangar som tyskarane tok rundt i Europa og førte hit og utrydda. Til dømes vart sovjetiske krigsfangar og jugoslavar sende til Noreg for å gå til grunne.

Krigen er òg ein konkret læringsprosess. Den gjev oss moglegheit til å reflektere over dei vala vi kan verte nøydde til å ta. Kva ville du gjort? Krigshistoria er full av dilemma og vanskelege val.

For politikarar har desse spørsmåla stor betydning for korleis ein bestemmer kva vi som stat, samfunn, og nasjon skal gjere. For vi vil jo ikkje oppleve noko slikt igjen. Vi vil sørge for at den kampen vi vann i 1945 skal stå ved lag.

Og då må nokon ta vanskelege avgjerder på vegner av oss som samfunn og nasjon. Og andre verdskrigen er eit kjempestort reservoar av eksemplar på korleis ein kan forstå og løyse vanskelege spørsmål, og kva store, internasjonale problemstillingar tyder for Noreg.

Heile historia til Noreg etter andre verdskrigen og dei vala vi har teke på vegner av Noreg som nasjon, har vore prega av krigen. Om vi skal forstå korleis stormakter vil relatere seg til Noreg i notida, er det viktig å forstå andre verdskrigen.

Jaksot(29)

#16 Gaute Svensson | Fra sentrumsdød til overturisme: hvor går reiselivet i Tromsø?

#16 Gaute Svensson | Fra sentrumsdød til overturisme: hvor går reiselivet i Tromsø?

Tromsø har de siste årene opplevd enorm økning iturisme. Den raske veksten kommer med store muligheter, og mange utfordringer. Hvor er denne utviklingen på vei, og hvordan skapervi et reiseliv som gir...

17 Helmi 46min

#15 Marius Storvik | Magi, makt og menneskerettigheter

#15 Marius Storvik | Magi, makt og menneskerettigheter

Marius Storvik, førsteamanuensis ved juridisk fakultet vedUiT, deler sine innsikter fra en reise som utfordret hans forståelse av tro,rettferdighet og makt. Med utgangspunkt i sine opplevelser i Ghana...

31 Maalis 202542min

#14 Brynhild Granås | Allemannsrett og allemannsplikter

#14 Brynhild Granås | Allemannsrett og allemannsplikter

Allemannsretten. Retten vi har til å benytte oss av natur og utmark, uansett hvem som eier grunnen.   Og pliktene som følger med, om at opphold og ferdsel skal skje på ansvarsfull måte. Om å vise h...

7 Tammi 202538min

LU-mini #12 Jeanette Grunnvåg | Antibiotikaresistens er uunngåeleg. Så kva kan vi gjere?

LU-mini #12 Jeanette Grunnvåg | Antibiotikaresistens er uunngåeleg. Så kva kan vi gjere?

Evolusjonen og at det rett og slett er sjukt mange bakteriar gjer at resistensen kjem før eller sidan. Men det er løysningar på gang – og du kan gjere mykje sjølv! Jeanett Grunnvåg er stipendiat hjå I...

21 Marras 202420min

#13 Marianne Neerland Soleim | Andre verdenskrig og frigjøring i nord

#13 Marianne Neerland Soleim | Andre verdenskrig og frigjøring i nord

Krigsårene satte dype spor i sivilbefolkningen i nord og tilværelsen kunne være både hverdagslig, vanskelig og brutal. Frigjøringen kom som en lettelse for mange og som et oppgjør for andre.   I dett...

22 Loka 20241h 2min

Et destabilisert Russland, trusselscenarier og konsekvenser for Norge 

Et destabilisert Russland, trusselscenarier og konsekvenser for Norge 

På Arendalsuka 2024 arrangerte UiT panelsamtalen "Et destabilisert Russland – trusselscenarier og konsekvenser for Norge". I denne episoden av Lørdagsuniversitetet får du høre et opptak av samtalen, h...

5 Syys 202449min

#12 Gaute Svensson | Hvor ble det av sjømaten i reiselivet?

#12 Gaute Svensson | Hvor ble det av sjømaten i reiselivet?

Stadig flere velger Tromsø og Nord Norge som reiselivsdestinasjon.   Til tross for kvaliteten på råvarer fra sjømatnæringa, gode restauranter og rik kysthistorie, så er ikke fisk og skalldyr blitt en...

6 Kesä 202450min

#11 Tina Pettersen Engseth | Menstrausjonssyklusen i trening, prestasjon og velvære

#11 Tina Pettersen Engseth | Menstrausjonssyklusen i trening, prestasjon og velvære

Mange jenter og kvinner opplever at menstrausjonssyklus og bruk av hormonell prevensjon påvirker både fysisk og mentalt. I denne episoden får du høre Tina Pettersen Engseth ved Idrettshøgskolen ved ...

6 Touko 202441min

Suosittua kategoriassa Tiede

rss-mita-tulisi-tietaa
rss-poliisin-mieli
tiedekulma-podcast
utelias-mieli
radio-antro
docemilia
filocast-filosofian-perusteet
rss-duodecim-lehti
rss-ranskaa-raakana
university-of-eastern-finland
vinkista-vihia
mielipaivakirja
rss-paanavauksia
rss-astetta-parempi-elama-podcast
rss-metsantuntijat-podcast
rss-ylistys-elaimille
rss-tervetta-skeptisyytta
rss-lihavuudesta-podcast