Javad El Bakali, Berit Reiss-Andersen og Yngvild Sve Flikke les Magnus Lagabøtes landslov
NB:arrangement14 Huhti 2024

Javad El Bakali, Berit Reiss-Andersen og Yngvild Sve Flikke les Magnus Lagabøtes landslov

I år feirar vi Magnus Lagabøtes landslov. I denne lovsamlinga ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet i Noreg. Men kva står eigentleg i denne lovboka?


Landslova inneheld reglar som regulerer eigedomsrett, giftemål og skilsmisser, arv, æresvald og jakt og fiske – for å nemne noko. No har vi endeleg fått ei folkeutgåve av Landslova, omsett til moderne bokmål, og med rettleiande ordforklaringar, slik at alle kan lese og forstå ho.

Vi har gitt teksten til tre lesarar med svært ulik bakgrunn: satirikar og komikar Javad El Bakali, jurist og mangeårig leiar av Den Norske Nobelkomite Berit Reiss-Andersen, og filmregissør Yngvild Sve Flikke.

Denne kvelden møter dei kvarandre for å diskutere kor folkeleg dei meiner den nye utgåva av Landslova har blitt, og kva ho fortel om oss – på godt og vondt. Før lesesirkelen får du òg møte han som har brukt det siste året på å omsetje lovtekstane frå eldgamal tekst til moderne språkdrakt, historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen.

Ordstyrar for kvelden er forfattar, journalist og norrønfilolog Carline Tromp.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jaksot(282)

Medisin og magi i mellomalderen, foredrag

Medisin og magi i mellomalderen, foredrag

Foredrag ved Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum om urtemedisin, bønn og eidar. Mennesket har alltid ønskt seg eit langt liv i ein frisk kropp, og prøvd å finne kurar mot sjukdom og oppskrifte...

3 Marras 202450min

Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø

Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø

Ein magisk kveld om ein modig riddar, ei vakker og mektig prinsesse, kjærleik og forviklingar. Før ridderfortellinga held førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen ei kort innføring i mellomalderroman...

13 Loka 20241h

Etande foredrag: Brød og smør

Etande foredrag: Brød og smør

I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og publikum skal får smake undervegs. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heid...

6 Loka 202444min

Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter

Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter

Liv Ullmanns store kjærlighetsfilm fra 1995, basert på romanen Kransen av Sigrid Undset, er endelig restaurert og gis nå ut på nytt av Nasjonalbiblioteket. Vi inviterte derfor artist og skuespiller Ka...

29 Syys 202443min

Festopning for Landslovjubileet

Festopning for Landslovjubileet

I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Opningsfesten for feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap ...

18 Elo 20241h 3min

Historier fra Finnskogen. Panelsamtale

Historier fra Finnskogen. Panelsamtale

Antropolog og podkaster Miriam Aurora Hammeren Pedersen, forfatter og kulturjournalist fra Kirkenær Kine Jeanette Solberg og skogfinne og direktør for Norsk Skogfinsk Museum, Dag Raaberg snakker om fo...

11 Elo 202457min

Åsta Holth (1904–1999) foredrag ved Adelheid Seyfarth

Åsta Holth (1904–1999) foredrag ved Adelheid Seyfarth

Forfatter Åsta Holth (1904–1999) var en kvinne som brukte livet og kunstnerskapet sitt til å fremme skogfinsk kultur og historie i dette foredraget forteller forfatteren Adelheid Seyfarth om hennes li...

4 Elo 202447min

Hva betyr det å være norsk? Foredrag ved Toril Moi

Hva betyr det å være norsk? Foredrag ved Toril Moi

Etter over førti år i utlandet, spør Toril Moi seg selv om hun fortsatt er norsk. Hva er egentlig norsk identitet? Hvordan formes og hvordan endres den? Hun vil ta utgangspunkt i hvordan norsk identit...

28 Heinä 202458min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
kaksi-aitia
siita-on-vaikea-puhua
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
i-dont-like-mondays
uutiscast
joku-tietaa-jotain-2
poks
antin-palautepalvelu
kolme-kaannekohtaa
sita
mamma-mia
aikalisa
yopuolen-tarinoita-2
rss-murhan-anatomia
rss-nikotellen
rss-palmujen-varjoissa
lahko
meidan-pitais-puhua
rss-napy