Lagapodden: Trondheim i mellomalderen

Lagapodden: Trondheim i mellomalderen

Trondheim var i mellomalderen setet for dei norske erkebiskopane. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Trygvasson i 997. Trondheim låg i maktområdet for ladejarlane. Dei var ei fyrsteslekt som kontrollerte Trøndelag og Nord-Norge, eit område rikt på naturressursar i både havet og på fjellet. Denne rikdommen må ha vore noko av bakgrunnen for at det norske erkebispesetet vart lagt til Trondheim i 1153. Med det kom både eit lærdomsmiljø til byen, men òg politisk makt. Alt visualisert gjennom Nidarosdomen, som trona over byen som det største byggverket i norsk mellomalder. Trondheim var òg ein viktig kongeleg residensby på byrjinga av 1200-talet, og med Landslova av 1274 vart Trondheim òg staden kongeval skulle skje.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jaksot(71)

Lagapodden: Fransiskanaren på trona

Lagapodden: Fransiskanaren på trona

Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklo...

5 Touko 202130min

Lagapodden: Kanonisk rett og kristenretten

Lagapodden: Kanonisk rett og kristenretten

Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? K...

28 Huhti 202130min

Lagapodden: Nye verdiar og St. Olavs lov

Lagapodden: Nye verdiar og St. Olavs lov

Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utg...

20 Huhti 202129min

Lagapodden: Kyrkja som statsmakt

Lagapodden: Kyrkja som statsmakt

I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, ...

13 Huhti 202135min

Lagapodden: Rex justus

Lagapodden: Rex justus

I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit m...

6 Huhti 202134min

Lagapodden: Det norske riket i høgmellomalderen

Lagapodden: Det norske riket i høgmellomalderen

Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og...

30 Maalis 202133min

Lagapodden: Landslova: Det umogelege gjort mogeleg

Lagapodden: Landslova: Det umogelege gjort mogeleg

Landslova av 1274 er ei av få riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, og fekk ei lang levetid og ei større utbreiing enn dei andre. Dette gjer Landslova til eit europeisk storverk. Er det g...

24 Maalis 202141min

Suosittua kategoriassa Koulutus

rss-murhan-anatomia
voi-hyvin-meditaatiot-2
rss-narsisti
psykopodiaa-podcast
rss-niinku-asia-on
rss-vapaudu-voimaasi
adhd-podi
psykologia
rss-duodecim-lehti
rss-rahamania
rss-valo-minussa-2
kesken
rss-uskonto-on-tylsaa
aamukahvilla
koulu-podcast-2
rss-liian-kuuma-peruna
rss-koira-haudattuna
avara-mieli
rss-turun-yliopisto
rss-arkea-ja-aurinkoa-podcast-espanjasta