John Olav Lefdal på Flo skue
Radio Stryn Podcast29 Kesä 2017

John Olav Lefdal på Flo skue

John Olav Lefdal (53) tente sine første kroner som 4-åring og var i full jobb etter endt ungdomsskule. Først i faren sin daglegvarebutikk, men etter kvart i sine eigne selskap. Allereie som 23-åring etablerte han det som skulle bli NorDrikk. Eit selskap som fyller 30 år til hausten og som går betre enn nokon gong. Men Lefdal likar å sjonglere mange ballar og sidan 1987 har det blitt både verft, hotell, salg av eksklusive båtar og cruise. Han har nokre av landets rikaste på kundelista og vart norgeskjent då han tok artisten Adele med på båttur i Oslofjorden. I fjor var han organisator og vertskap då verdsstjerna Justin Bieber ville ha ein fridag i Nordfjord. Høyr Lefdal fortelje om sin forretningstankegang, korleis han tente sine første kroner, ønsket om å skape og grilling av pølser med Justin Bieber.

Jaksot(150)

#63 Sport und Spaß: Sportskommentator Stoltenberg

#63 Sport und Spaß: Sportskommentator Stoltenberg

NRK og TV2 kommentator Ole Kristian Stoltenberg er hovudgjest. Utanrikskorrespondent Inge Brynestad er med frå Anterselva og "Thor Gotaas" svingar innom.

23 Tammi 20251h 3min

Jabbing om jobb #9: Bonderebellen Silje Åsnes Skarstein

Jabbing om jobb #9: Bonderebellen Silje Åsnes Skarstein

Silje Åsnes Skarstein skulle aldri bli bonde. I dag er ho ikkje berre bonde på fulltid, ho har også blitt bønder sitt talerøyr med engasjerande innlegg i sosiale media og i aviser. Bli betre kjent med...

10 Joulu 202432min

#62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad

#62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad

Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga...

5 Joulu 202456min

Jabbing om jobb #8: Jan Fjellkårstad om verda som arbeidsplass

Jabbing om jobb #8: Jan Fjellkårstad om verda som arbeidsplass

Jan Fjellkårstad (45) frå Blakset er økonomidirektør i måløyverksemda Coast Seafood. Dei omset fisk og sjømat for milliardar og har store deler av verda som marknad.

2 Joulu 202431min

Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken

Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken

I den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.

17 Marras 202433min

Jabbing om jobb #6: Petter Arnt Løvdahl - 74 åring med pensjonistangst

Jabbing om jobb #6: Petter Arnt Løvdahl - 74 åring med pensjonistangst

Petter Arnt Løvdahl har alltid hatt mange jern i elden, og har sjeldan nøya seg med berre ein jobb om gongen. Vaktmeister, lærar, PPT-konsulent, bussjåfør og fjellførar er berre noko av det den allsid...

13 Marras 202425min

#61 Sport und Spaß 6. november 2024

#61 Sport und Spaß 6. november 2024

Stortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.

6 Marras 202454min

Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten

Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten

Oline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.

29 Loka 202423min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
sita
siita-on-vaikea-puhua
kaksi-aitia
i-dont-like-mondays
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
uutiscast
poks
rss-nikotellen
antin-palautepalvelu
mamma-mia
kolme-kaannekohtaa
yopuolen-tarinoita-2
rss-murhan-anatomia
aikalisa
meidan-pitais-puhua
rss-palmujen-varjoissa
rss-haudattu
naakkavalta
mystista