Korona, aprilsnarr og Søttende Mai
Nokon må gå3 Huhti 2020

Korona, aprilsnarr og Søttende Mai

I denne vekas episode diskuterer Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll om dei trur koronatiltaka vert forlenga i neste veke, og om aprilsnarr er gøy. Og så kjem Myksvoll med eit framlegg som han meiner kan redde årets 17. mai-feiring i Bergen.Lydklipp: NRKProgramledere: Morten Myksvoll, Gerd Margrete Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik SvanevikVignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

Jaksot(437)

Spesial: – Eg er ofte glad for at eg ikkje sit i den regjeringa

Spesial: – Eg er ofte glad for at eg ikkje sit i den regjeringa

Audun Lysbakken har berre dagar igjen som SV-leiar, og snakkar ut i denne liveinnspelinga av «Nokon må gå». Han gir sin analyse av kvifor regjeringa feilar, kvifor Vestlandet taper, og kvifor det trass alt ikkje går endå betre med SV. Gjest er også Amy Black Ndiaye, skaparen av suksess-serien «Verden er min». Produsent: Henrik Svanevik

8 Maalis 202358min

Samedemonstrantar, nattmat og kvifor hatar regjeringa Bergen?

Samedemonstrantar, nattmat og kvifor hatar regjeringa Bergen?

Regjeringskvartalet er okkupert av demonstrantar. Fosen-saka er blitt eit enormt dilemma for regjeringa, og i denne episoden får du dei viktigaste momenta oppsummert. Me snakkar også om boka som riv opp gamle sår i Arbeidarpartiet, og sluttar ikkje å la oss sjokkere av ukulturen kvinner er utsett for. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis regjeringa i skjul har bestemt å bygge ned Bergen. Produsent: Henrik Svanevik

2 Maalis 202337min

Spesial: Eitt år etter invasjonen

Spesial: Eitt år etter invasjonen

I eitt år har det vore fullskala-krig i Europa. Den gongen såg det svært mørkt ut, idet russiske stridsvogner var på veg mot Kyiv. Men både byen og Ukraina står enno. Krigen har likevel enorme kostnader, og grip inn i våre liv. Vår eigen ekspert, kommentator Morten Myksvoll oppsummerer, og gir deg analysene om korleis krigen kan utvikle seg vidare. Produsent: Henrik Svanevik

23 Helmi 202323min

Spesial: Høgre til nye høgder

Spesial: Høgre til nye høgder

Høgre gjer si beste BT-måling i Bergen på eit tiår. Og dei har enno potensiale til å vekse. Ap, derimot, strevar framleis langt under 20-talet. Finst det noko håp i all miseren? Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt dykkar ned i tala i den rykande ferske målinga. Produsent: Henrik Svanevik.

20 Helmi 202320min

Kokain, Lothepus, sosialdemokratiske forum og mykje, mykje meir

Kokain, Lothepus, sosialdemokratiske forum og mykje, mykje meir

Ap står i brann, men partitoppane i Bergen lukkar auga og lagar tøysete stemning. Frp skaffar seg nye realitykjendisar, etter å ha gitt slipp på andre. Sophie Elise og Märtha Louise sjokkerer på kvar sin måte. Produsent: Henrik Svanevik

16 Helmi 202341min

Titcock, Trym Aafløy-comeback og litt skam

Titcock, Trym Aafløy-comeback og litt skam

Justisministerens Tiktok-blemme får ingen vidare konsekvensar. Er det fordi så mange andre politikarar også er dårlege på datatryggleik? I Bergen ventar me på rekordmange cruiseturistar og Trym Aafløy gjer comeback. Og sist, men ikkje minst: «Nokon må gå» er blitt forska på. Konklusjonen gjer oss litt skamfulle. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Stortinget, Fred Olsen cruises

9 Helmi 202335min

Spesial: Småpartia kaprar veljarar

Spesial: Småpartia kaprar veljarar

Bompengegeneral Trym Aafløy stiller ny liste til valet i Bergen, og føyer seg inn i rekka av små lister og parti som no påverkar norsk politikk meir enn du skulle tru. Målingsekspert Johan Giertsen er med i studio for å dykke ned i partikategorien «Andre». Og her finn me langt fleire veljarar enn før. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

7 Helmi 202318min

Dritslenging og anna ungdomsskulestemning

Dritslenging og anna ungdomsskulestemning

Den store snakkisen i Bergen denne veka var eit uforskamma og uprovosert forfattaråtak. I bergenspolitikken sit Arbeidarpartiet igjen nesten utan venner, og ser ut til å takle det ganske dårleg. Partileiar Olaug Bollestad har lansert ein ny strategi for KrF, men vil den lukkast? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Oslo symposium

2 Helmi 202333min

Suosittua kategoriassa Politiikka ja uutiset

tervo-halme
aikalisa
rss-ootsa-kuullut-tasta
ootsa-kuullut-tasta-2
politiikan-puskaradio
viisupodi
otetaan-yhdet
rikosmyytit
rss-kuka-mina-olen
et-sa-noin-voi-sanoo-esittaa
rss-podme-livebox
rss-vaalirankkurit-podcast
rss-asiastudio
io-techin-tekniikkapodcast
rss-kaikki-uusiksi
radio-antro
rss-raha-talous-ja-politiikka
the-ulkopolitist
rss-tasta-on-kyse-ivan-puopolo-verkkouutiset
rss-tekkipodi