Aslaug Torget Sjo: Rodde for livet då fyret blei bomba
Skimtvis5 Maalis 2017

Aslaug Torget Sjo: Rodde for livet då fyret blei bomba

Då engelske fly gjekk til åtak på Slåtterøy fyr utanfor Brandasund i Fitjarøyane, der eit tjuetals tyskarar var stasjonerte under andre verdskrigen, måtte den då 5 – 6 år gamle Aslaug Torget, ei mindre syster og mora deira ro alt dei kunne for å unngå å koma i skotlina.

Alt medan dei såg og høyrde lyden frå bombeflya, kom dei seg inn i ei bergkluft og gøymde seg. Der låg dei til det stilna av. Seinare viste det seg at ei av bombene hadde truffe og drepe ei av døtrene til fyrvaktaren. Det gjorde eit sterkt og vondt inntrykk då den 17 år gamle jenta etterpå blei frakta til lands.

God oppvekst

Trass i sterke minne frå krigens dagar, ser 82 år gamle Aslaug – i dag med etternamnet Torget Sjo – likevel tilbake på ein god oppvekst på øya Vikøy i Brandasund.

– Ja, eg hadde ein utruleg fin oppvekst, seier Aslaug i dette lydintervjuet. Sjølvsagt mangla dei alltid noko, spesielt under krigen, men dei svolt ikkje. Havet var fullt av fisk og det kunne dei eta kvar einaste dag om dei ville. Men kle og sko var det mindre av, det var mangelvare heile tida. Elektrisitet hadde dei berre så vidt høyrt om og innlagt vatn kunne dei berre drøyma om. Om vintrane måtte dei hogga den tilfrosne kjelda for å få tak i litt vatn.

Allereie då Aslaug var i femårsalderen lærte ho seg å ro, endåtil åleine. Det var stas for ei lita jente å få ro i ein liten robåt til butikken og heim att. Med ein nyfødd unge i huset og faren på arbeid frå morgon til kveld, var det ikkje anna råd enn at Aslaug måtte setja seg til årene om dei skulle få mat i hus.

Og då ho byrja på skulen to år etter krigsutbrotet delte ho og ein klassekamerat på å ro til skulestova på ei anna øy.

Store endringar

I dag ser 82-åringen tilbake på eit svært interessant liv, med store endringar i samfunnet. Aslaug tykkjer ho har vore kjempeheldig som har fått opplevd så mykje. Dessutan er ho svært glad, kanskje òg litt kry, for å ha blitt så gammal. Derimot er ho litt i tvil om ho passar heilt inn i den nye tida, med alle endringane som skjer – på godt og vondt. Likevel håpar ho på at ho får bevara den gode helsa og bli skikkeleg gammal. Ho har enno mykje ugjort, spesielt innanfor eldreomsorga.

– Det er ikkje så ille å bli over 80 år viss ein berre er frisk, seier Aslaug.

Nyleg fekk ho Kvinnherad kommune sin Frivilligpris for 2016 etter å ha utført eit stort og viktig frivillig arbeid. Det var både overraskande og kjekt å få denne prisen, seier Aslaug i dette lydintervjuet.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(23)

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel

Pensjonist med munnspelHans Gertz vart fødd i Aust-Tyskland i 1940, men kom seg ut av det kommuniststyrde landet i lag med mor si og to søstre etter krigen. Dei kom seg etter kvart til Bergen, der mor...

29 Marras 202436min

Lars Jostein Rørvik: Spelemann og bokskrivar

Lars Jostein Rørvik: Spelemann og bokskrivar

Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers. Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppt...

28 Kesä 202226min

Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske

Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske

Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdrags...

29 Huhti 202214min

Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky

Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky

Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg f...

22 Huhti 202215min

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt

Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjer...

5 Marras 202143min

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970

Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Hendinga sette varige spor, særleg i familiane som miste ein av sin...

16 Loka 202018min

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske

Jarle Fossheim frå Seimsfoss var i 1972 med og henta om lag 80 sauer frå ein avsidesliggjande gard på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Dyrevernnemnda i Kvinnherad hadde fått melding om vanrøkt og rykt...

11 Joulu 201915min

Terje Fjellhaugen: – Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand

Terje Fjellhaugen: – Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand

– Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anl...

17 Joulu 201820min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
download
hupiklubi
i-dont-like-mondays
siita-on-vaikea-puhua
seitseman
uutiscast
sita
poks
antin-palautepalvelu
mamma-mia
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
kolme-kaannekohtaa
kaksi-aitia
yopuolen-tarinoita-2
rss-murhan-anatomia
aikalisa
rss-palmujen-varjoissa
ihme-ja-kumma
loukussa