Edvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»
Leselaget21 Tammi 2025

Edvard Hoem: «Mykje blod og død i dette her»

Første medlem i Leselaget er forfattar Edvard Hoem. l podkasten fortel Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk. - Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.


Hoem meiner at kvaliteten i forteljinga er at ein som lesar forstår kvifor det må gå så gale for hovudpersonen Katerina. Ho er fylt av kjærleik og sensualitet, men det er noko destruktivt i det. - Undergang og død ligg som eit lys over heile lidenskapen. Og det er eit paradoks, at det som skulle vere hennar sterkaste livskraft, blir ei destruktiv undergangskraft.


Hoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. - Eg trur den på ein eller annan måte glir inn i den brutaliteten og lidenskapen som pregar vår tid. På godt og vondt.


Edvard Hoem konkluderer med at Lady Macbeth fra Mtensk er eit stykke litteratur på høgt nivå. I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen.


Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(13)

Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

Olav Duun-entusiast og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Inger Johanne Sæterbakk er gjest i siste episode av Leselaget. Ho har lese tredje band i Medmenneske-trilogien, Siste leveår frå 1933. No ...

9 Huhti 41min

Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det g...

20 Maalis 33min

Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denn...

4 Maalis 38min

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150...

27 Helmi 1min

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet t...

5 Helmi 45min

Kjærleik med Monica Roland (4:5)

Kjærleik med Monica Roland (4:5)

Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU. Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cose...

28 Tammi 41min

Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg m...

21 Tammi 35min

Fattigdom  med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

Fattigdom med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

Dagens gjest er Anna-Sabina Soggiu, samfunnsdebattant og sosionom, kjent frå mellom anna TV-programmet Den norske fattigdommen med Thomas Seltzer og forfattar av boka Vi fattigfolk.Les Misérables hand...

14 Tammi 45min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
seitseman
siita-on-vaikea-puhua
i-dont-like-mondays
hupiklubi
ihme-ja-kumma
uutiscast
sita
antin-palautepalvelu
poks
kaksi-aitia
mamma-mia
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
yopuolen-tarinoita-2
kolme-kaannekohtaa
rss-palmujen-varjoissa
kummitusjuttuja
aikalisa
rss-haudattu
mystista