100 år med løping: Ingrid Kristiansen, Erle Marie Sørheim og Gudmund Skjeldal
NB:arrangement2 Maalis 2025

100 år med løping: Ingrid Kristiansen, Erle Marie Sørheim og Gudmund Skjeldal

Vi har løpt i lange tider, både for underholdning og for å bringe bud. I dag opplever vi en historisk løpebølge – aldri før har så mange hverdagsmosjonister løpt så langt og så fort som nå. I denne samtalen møtte Ingrid Kristiansen idéhistoriker Gudmund Skjeldal for å snakke om løping og løpere fra 1800-tallet og frem til i dag.

Kveldens ordstyrer var journalist og forfatter Erle Marie Sørheim, som selv er en lidenskapelig løper.

Opptaket er fra 5. februar 2025.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jaksot(279)

«Piri mitt mitt parian»

«Piri mitt mitt parian»

Arrangement 22.11.2016 Dei særprega og vakre mellomalderballadane ber med seg dramatiske historier om alt frå død, valdtekt og blodhemn til vakker kjærleik og erotisk humor, frå religiøse visjonar og historiske hendingar til havfruer og snakkande dyr. Utstillinga «Piri mitt mitt parian» (22.11.–14.1.) trekkjer fram tre sentrale balladar – «Draumkvedet», «Villemann og Magnhild» og «Tordivelen og flua». Kva kan dei fortelje oss om korleis vi har levd før i tida, og kva vi har vore opptekne av? Prof.em. Olav Solberg er balladeforskar og har vore knytt til balladeprosjektet. Saman med kvedar Øyonn Groven Myhren, stortingspresident og kulturpolitikar Olemic Thommesen og musikar Knut Reiersrud samtalar han med redaktør i Bokmagasinet Karin Haugen om mellomalderballadar og arven dei ber med seg. Arrangementet er del av Nasjonalbiblioteket si lansering av tolv bind med mellomalderballadar: «Kråkevisa», «Bendik og Årolilja», «Per spelemann» og hundrevis av andre typar mellomalderballadar har bergteke og mora oss i fleire hundreår, og har etter kvart blitt ein viktig del av den norske kulturarven. Sidan folkeminnesamlarar byrja å skrive ned desse visene på midten av 1800-talet, har det vore arbeidd med å publisere balladane i ei vitskapleg utgåve. No har Nasjonalbiblioteket gjort ferdig det store arbeidet og lanserer denne hausten dei siste av tolv verk med melodiar, tekstar, songar- og samlarbiografiar og innleiingar om dei ulike balladetypane. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

8 Joulu 201651min

Piker, vin og sang. Hilde Louise Asbjørnsen, Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Piker, vin og sang. Hilde Louise Asbjørnsen, Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Arrangement 12.10.2016 Dei levde på kant med lover og reglar og fekk aldri noka gate eller nokon staseleg plass kalla opp etter seg. Dei kunne kanskje håpe på ei lita vise, der livet og levemåten deira blei skildra med nokolunde rettvise. Det er utskota i samfunnet det skal handle om denne kvelden, både fiktive og ekte. Hilde Louise Asbjørnsen er musikar, låtskrivar, skodespelar og kabaretartist, og gav i 2015 ut sitt tiande studioalbum Don’t Stay for Breakfast. No vier ho kvelden til viser om fyll, kriminalitet, prostitusjon og anna fanteri, i samspel med programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. Arrangementet er ein del av programserien Støv og stjerner. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

29 Marras 201653min

Den rosa songen. Eldar Vågan syng leilighetsviser og samtalar med Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Den rosa songen. Eldar Vågan syng leilighetsviser og samtalar med Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Arrangement 16.9.2016 Visste du at då kong Karl Johan døydde i 1844, komponerte Emma Dahl melodien til ei nyskriven vise av Henrik Wergeland på berre ein time? Eller at Petter Dass skreiv «Det hender seg ofte» som ei bryllaupsvise til gode vener i 1703? Leilighetsviser er meir enn naudrim på rosa papir, og i visearkivet til Nasjonalbiblioteket finn du haugevis av slike ført i pennen av kjende forfattarar og gamle tanter, skrivne til jubilé, firmafestar eller rakefisklag. Eldar Vågan syng som regel om livet ved Mjøsa saman med Vazelina Bilopphøggers. No framfører han leilighetsviser og samtalar med Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. Arrangementet er ein del av Oslo Kulturnatt. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Marras 201652min

Å bygge en nasjon. Språk og historie med Åse Wetås og Mona Ringvej

Å bygge en nasjon. Språk og historie med Åse Wetås og Mona Ringvej

Arrangement 7.11.2016 Språk er makt. På Eidsvoll i 1814 var det ord, og ikke våpen, som grunnla den nye norske nasjonalstaten. Etter dansketid og reformasjon i de fire forrige århundrene handlet revolusjonen på 1800-tallet også om språket og om hvem som skulle definere den nye norske identiteten. Mona Ringvej er forfatter og historiker, og har blant annet skrevet boken "Makten og ordene. Demokrati og ytringsfrihet fra Athen til Eidsvoll." Hun møter språkforsker og direktør for Språkrådet Åse Wetås til en samtale som ledes av journalist Jens Kihl. -- Samtalen er del av en arrangementsrekke om språk og historie på Nasjonalbiblioteket i høst. Språk viser hvem vi er og hvor vi kommer fra. Utviklingen av det norske språket er også historien om Norge. Hvordan har historiske hendelser påvirket språket vårt? Og kan måten vi skriver og snakker på, endre samfunnet? I tre arrangementer på Nasjonalbiblioteket i høst har en språkforsker og en historiker møttes for å snakke om samspillet mellom språk og historie. Samtalene ledes av journalist Jens Kihl. Tidligere har Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson fortalt om Norge og Island i middelalderen, mens Agnete Nesse og Erling Sandmo har snakket om språket i tiden før og etter reformasjonen. Samtalen med Åse Wetås og Mona Ringvej er siste arrangement i serien. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

21 Marras 20161h 3min

Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Arrangement 20.10.2016 Då reformasjonen kom til Noreg i 1536, fekk kyrkja ei hand på daglegliv, moral og samfunn. Gudstenester og skule fann stad på latin, og dansk blei det administrative språket. Samstundes gjorde boktrykkjarkunsten sitt inntog, bønder lærte å lese og skrive, og kontinentet kom nærare. Erling Sandmo er historikar med dansketida som eit av spesialfelta sine. Han har arbeidd med mange av dei same skriftlege kjeldene som det språkforskar Agnete Nesse har gjort, når ho dei siste åra har jobba med hanseatane og forholdet mellom skrift, tale og samfunn. No snakkar dei med Jens Kihl om korleis språk og identitet endra seg i tida før og etter reformasjonen. Samtalen er ein del av ei arrangementsrekkje om språk og historie på Nasjonalbiblioteket denne hausten: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale leia av journalist Jens Kihl om samspelet mellom språk og historie. 22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

21 Marras 201658min

Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson

Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson

Arrangement 22.9.2016 Noreg og Island stod i eit sterkt kultur-fellesskap i mellomalderen. Nordmenn hadde teke med seg språk og skikkar då dei busette seg på øyane i vest rundt år 870, og handel med norske kjøpmenn var naudsynt for Island. Men då dei svarte skipa kom med pesten til Bjørgvin i 1349, tok dei tette banda slutt. Og når konge og verdsleg makt blei samla i Danmark nokre tiår etter, tok det ikkje lang tid før islendingar og nordmenn ikkje lenger forstod kvarandre. Kva skjedde med språket då kontakten blei broten? Historikar Jón Viðar Sigurðsson og språkforskar Arne Torp møter Jens Kihl, politisk journalist i Klassekampen og mållagsmann, til samtale om språk og samfunn i mellomalderen. Arrangementet er ein del av Nasjonalbiblioteket si arrangementsrekkje om språk og historie hausten 2016: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale leia av journalist Jens Kihl om samspelet mellom språk og historie.22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

21 Marras 201654min

Emigrantviser. Lars Bremnes, Abazar Hamid, Liv Kreken og Kari Slaatsveen

Emigrantviser. Lars Bremnes, Abazar Hamid, Liv Kreken og Kari Slaatsveen

Arrangement 26.5.2016 Europa er midt i den største flyktningkrisa og folkevandringa sidan den andre verdskrigen. Det er denne røyndomen visesongar Lars Bremnes har som bakteppe når han tek oss med på ei reise inn i emigrantvisene si verd og visearkivet til Nasjonalbiblioteket, i følgje med forskningsbibliotekar Liv Kreken og programleiar Kari Slaatsveen. Emigrantviser kan enten beskrive sjølve reisa til fjerne land, fortelje om hardt arbeid og tapte draumar i det håpefulle landet, eller om heimlengt og sakn. I Nasjonalbiblioteket sitt visearkiv finn ein fleire hundre slike meir eller mindre ukjende viser om emigrasjon frå Noreg. «Emigranten» frå byrjinga av 1900-talet er ei av dei, som Bremnes i kveld spelar med heilt ny melodi særskild laga for anledninga. Bremnes har sjølv skrive om det å vere flyktning, i visa «Elias sang», som i løpet av nokre månader blei kjent over store delar av verda. Bremnes syng «Elias sang» denne kvelden, men ho vil óg bli urframført på arabisk av Noregs første fribymusikar Abazar Hamid, i den syriske flyktningen Gassan Gaisson si omsetjing. Hamid kom til Harstad i desember 2014, etter å ha flykta frå heimlandet Sudan på grunn av sine politiske songar med bodskap om fred. Arrangementet er ein del av konsertserien Støv og stjerner. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Kesä 20161h 6min

Resirkulert folkemusikk. Maja S. K. Ratkje og Kari Slaatsveen

Resirkulert folkemusikk. Maja S. K. Ratkje og Kari Slaatsveen

Arrangement 29.4.2016 What happens when a contemporary musician delves into the Norwegian folk music archives? It is perhaps not traditional music and typical Norwegian tones one first thinks of when one hears works by composer Maja S. K. Ratkje. With electronic musical instruments and her own voice, she has performed around the whole world as a solo artist and with art installations in groups, such as SPUNK. Now Ratkje meets program host Kari Slaatsveen and research librarian Hans-Hinrich Thede to talk about what she found in the National Library's folk music archive, before she shows what can happen when the present meets the past. The event is a part of the concert series Dust and Stars (“Støv og stjerner”). ----------------------------- Kva skjer når ein samtidsmusikar dykkar ned i det norske folkemusikkarkivet? Det er kanskje ikkje tradisjonsmusikk og rotnorske tonar ein fyrst tenkjer på når ein høyrer verka til komponist Maja S. K. Ratkje. Med elektroniske musikkinstrument og eiga stemme har ho spela over heile verda, både som soloartist og med kunstinstallasjonar i grupper som SPUNK. No møter Ratkje programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Hans-Hinrich Thedens til samtale om kva ho fann i Nasjonalbiblioteket sitt folkemusikkarkiv, før ho viser kva som kan skje når samtida møter fortida. Arrangementet er ein del av konsertserien Støv og stjerner. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

6 Touko 20161h 4min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
kolme-kaannekohtaa
i-dont-like-mondays
siita-on-vaikea-puhua
sita
aikalisa
poks
rss-ootsa-kuullut-tasta
antin-palautepalvelu
yopuolen-tarinoita-2
kaksi-aitia
mamma-mia
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
ootsa-kuullut-tasta-2
murha-joka-tapahtui-2
rss-murhan-anatomia
meidan-pitais-puhua
lahko
terapeuttiville-qa
loukussa