Frp på lading, milliardkrangel og russetid
Nokon må gå28 Huhti 2022

Frp på lading, milliardkrangel og russetid

Frp har landsmøte denne helga og held på med å finne seg sjølv på nytt. Men må dei vere så keisame? Bergen kommune står midt i ein milliardkrangel før dei kan få bygge sin nye bydel. Og denne veka startar russetida, for første gong på tre år. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis det brukar å gå føre seg i bygd og by på Vestlandet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Lyd: VG, Fjell kommune Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound)

Jaksot(437)

USA-spesial – Frykt og redsle i valkampen

USA-spesial – Frykt og redsle i valkampen

Republikanarane hevdar USA er på veg mot helvete, og at Demokratane er skuld i at Donald Trump blir skoten på. Demokratane kallar Trump ein fare for demokratiet. Gerd og Morten utforskar mørket i denne valkampen.

24 Syys 202426min

Dei trudde botnen var nådd

Dei trudde botnen var nådd

Men KrF kunne søkke endå djupare. No er dei på botnen. Eller? Og finst det nokon som kan styre partiet? I Bergen er kommunekassa skrapt. Men éin ting finn dei pengar til. Og kva har Bærum og Bergen til felles?

19 Syys 202435min

USA-spesial – Kattar, hundar, Swift-hat og nytt attentatforsøk

USA-spesial – Kattar, hundar, Swift-hat og nytt attentatforsøk

Det har vore ei travel helg på internett for republikanarane. Historia om innvandrarar som et kattar og hundar tek av. Donald Trump rasar mot Taylor Swift. Og så, seint søndag kveld, kom nyheitene om det som truleg er endå eit attentatforsøk mot Trump. Kva skjer med USA?

16 Syys 202426min

Møter Skandale-Erna seg sjølv i døra?

Møter Skandale-Erna seg sjølv i døra?

Bergensarar er ikkje lette å forstå, heller ikkje når dei fortel kva dei vil stemme. Me diskuterer eit ekte mysterium i denne episoden. Politikarane vil redde unge frå utanforskapet, men finst det så mange å redde? Og i Stavanger vil ikkje ordføraren gi seg utan kamp.

12 Syys 202434min

USA-spesial – Harris la ut agnet, og Trump beit på

USA-spesial – Harris la ut agnet, og Trump beit på

Kamala Harris kom, handhelste og vann. Gerd og Morten har stått opp tidleg for å sjå presidentdebatt, slik at du slepp. Harris og Trump møttes for første gong i natt, og det blei ei oppvising i å setje Trump ut. Og på slutten fekk Harris endå ei gåvepakke.

11 Syys 202427min

Ny måling-spesial – For eitt parti er dette nedrig

Ny måling-spesial – For eitt parti er dette nedrig

Eitt år før stortingsvalet, har BT sjekka ståa i Hordaland. Og det er blått, blått, blått! I botnen kjempar fire parti om å få eit mandat. Det er duka for stort drama det neste året.

9 Syys 202417min

Bryllups-debrief, anonym snikfilmar og David Beckham

Bryllups-debrief, anonym snikfilmar og David Beckham

Burde me droppa å dekke bryllupet i Geiranger? Brudeparet ville jo tydeleg ikkje ha pressa der. Snikfilmaren i Arendal er identifisert i nokre medium, men ikkje i andre. Og kan David Beckham felle Liv Signe Navarsete? Produsent: Henrik Svanevik

5 Syys 202432min

USA-spesial – Morten svarer lyttarar og snakkar om abort

USA-spesial – Morten svarer lyttarar og snakkar om abort

Skal Trump stemme for utviding av abortrettar i Florida? Eller ikkje? Spørst kva dag du spør. Morten forklarar kvifor dette er ei vanskeleg sak, og ei viktig sak i valkampen. Og så svarer han på spørsmål frå lyttarane!

3 Syys 202426min

Suosittua kategoriassa Politiikka ja uutiset

tervo-halme
aikalisa
rss-ootsa-kuullut-tasta
ootsa-kuullut-tasta-2
politiikan-puskaradio
viisupodi
otetaan-yhdet
rikosmyytit
rss-kuka-mina-olen
et-sa-noin-voi-sanoo-esittaa
rss-podme-livebox
rss-vaalirankkurit-podcast
rss-asiastudio
io-techin-tekniikkapodcast
rss-kaikki-uusiksi
radio-antro
rss-raha-talous-ja-politiikka
the-ulkopolitist
rss-tasta-on-kyse-ivan-puopolo-verkkouutiset
rss-tekkipodi