Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson
NB:arrangement21 Marras 2016

Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson

Arrangement 22.9.2016 Noreg og Island stod i eit sterkt kultur-fellesskap i mellomalderen. Nordmenn hadde teke med seg språk og skikkar då dei busette seg på øyane i vest rundt år 870, og handel med norske kjøpmenn var naudsynt for Island. Men då dei svarte skipa kom med pesten til Bjørgvin i 1349, tok dei tette banda slutt. Og når konge og verdsleg makt blei samla i Danmark nokre tiår etter, tok det ikkje lang tid før islendingar og nordmenn ikkje lenger forstod kvarandre. Kva skjedde med språket då kontakten blei broten? Historikar Jón Viðar Sigurðsson og språkforskar Arne Torp møter Jens Kihl, politisk journalist i Klassekampen og mållagsmann, til samtale om språk og samfunn i mellomalderen. Arrangementet er ein del av Nasjonalbiblioteket si arrangementsrekkje om språk og historie hausten 2016: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale leia av journalist Jens Kihl om samspelet mellom språk og historie.22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jaksot(282)

Medisin og magi i mellomalderen, foredrag

Medisin og magi i mellomalderen, foredrag

Foredrag ved Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum om urtemedisin, bønn og eidar. Mennesket har alltid ønskt seg eit langt liv i ein frisk kropp, og prøvd å finne kurar mot sjukdom og oppskrifte...

3 Marras 202450min

Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø

Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø

Ein magisk kveld om ein modig riddar, ei vakker og mektig prinsesse, kjærleik og forviklingar. Før ridderfortellinga held førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen ei kort innføring i mellomalderroman...

13 Loka 20241h

Etande foredrag: Brød og smør

Etande foredrag: Brød og smør

I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og publikum skal får smake undervegs. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heid...

6 Loka 202444min

Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter

Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter

Liv Ullmanns store kjærlighetsfilm fra 1995, basert på romanen Kransen av Sigrid Undset, er endelig restaurert og gis nå ut på nytt av Nasjonalbiblioteket. Vi inviterte derfor artist og skuespiller Ka...

29 Syys 202443min

Festopning for Landslovjubileet

Festopning for Landslovjubileet

I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Opningsfesten for feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap ...

18 Elo 20241h 3min

Historier fra Finnskogen. Panelsamtale

Historier fra Finnskogen. Panelsamtale

Antropolog og podkaster Miriam Aurora Hammeren Pedersen, forfatter og kulturjournalist fra Kirkenær Kine Jeanette Solberg og skogfinne og direktør for Norsk Skogfinsk Museum, Dag Raaberg snakker om fo...

11 Elo 202457min

Åsta Holth (1904–1999) foredrag ved Adelheid Seyfarth

Åsta Holth (1904–1999) foredrag ved Adelheid Seyfarth

Forfatter Åsta Holth (1904–1999) var en kvinne som brukte livet og kunstnerskapet sitt til å fremme skogfinsk kultur og historie i dette foredraget forteller forfatteren Adelheid Seyfarth om hennes li...

4 Elo 202447min

Hva betyr det å være norsk? Foredrag ved Toril Moi

Hva betyr det å være norsk? Foredrag ved Toril Moi

Etter over førti år i utlandet, spør Toril Moi seg selv om hun fortsatt er norsk. Hva er egentlig norsk identitet? Hvordan formes og hvordan endres den? Hun vil ta utgangspunkt i hvordan norsk identit...

28 Heinä 202458min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
siita-on-vaikea-puhua
kaksi-aitia
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
i-dont-like-mondays
joku-tietaa-jotain-2
uutiscast
poks
antin-palautepalvelu
kolme-kaannekohtaa
aikalisa
sita
yopuolen-tarinoita-2
mamma-mia
rss-murhan-anatomia
meidan-pitais-puhua
lahko
rss-nikotellen
ootsa-kuullut-tasta-2
loukussa