Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse
NB:arrangement21 Marras 2016

Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Arrangement 20.10.2016 Då reformasjonen kom til Noreg i 1536, fekk kyrkja ei hand på daglegliv, moral og samfunn. Gudstenester og skule fann stad på latin, og dansk blei det administrative språket. Samstundes gjorde boktrykkjarkunsten sitt inntog, bønder lærte å lese og skrive, og kontinentet kom nærare. Erling Sandmo er historikar med dansketida som eit av spesialfelta sine. Han har arbeidd med mange av dei same skriftlege kjeldene som det språkforskar Agnete Nesse har gjort, når ho dei siste åra har jobba med hanseatane og forholdet mellom skrift, tale og samfunn. No snakkar dei med Jens Kihl om korleis språk og identitet endra seg i tida før og etter reformasjonen. Samtalen er ein del av ei arrangementsrekkje om språk og historie på Nasjonalbiblioteket denne hausten: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale leia av journalist Jens Kihl om samspelet mellom språk og historie. 22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jaksot(279)

Foredrag ved Terje Tvedt om den idustrielle revolusjon

Foredrag ved Terje Tvedt om den idustrielle revolusjon

Historikeren, Terje Tvedt, foreleser på Nasjonalbiblioteket om verdens historie. Denne gangen presenterer han nye tolkninger om den industrielle revolusjon som rokker ved våre forestillinger om det mest avgjørende skiftet i verdens utvikling. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

31 Maalis 20241h 13min

Spelarar elskar mellomalderen: samtale om fantasi, fiksjon og dataspel

Spelarar elskar mellomalderen: samtale om fantasi, fiksjon og dataspel

Kva spelversjonar av mellomalderen er mest korrekte, og kva er dei mest morosame og mest spennande? Dette diskuterte Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby og gamer og rådgivar Christine Jentoft, saman med samtaleleiar Andreas Hedemann frå Nerdelandslaget. Spelarar får ikkje nok av sverdkamp, kongar og riddarar på hest. Spel som Skyrim, Pentiment og Kingdom Come: Deliverance er døme på internasjonale suksessar som hentar inspirasjon frå mellomalderen. I spela står gjerne kampen om dei store verdiane: det gode mot det vonde, det gamle mot det nye. Nokre av spela bygger opp under myten om mellomalderen som ei ultravaldeleg, kaotisk tid. Andre spel lærer oss mykje om korleis folk faktisk levde i mellomalderen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

24 Maalis 202452min

Dobbeltforedrag: Vald og samliv i Landslova

Dobbeltforedrag: Vald og samliv i Landslova

To foredrag som tar utgangspunkt i Magnus Lagabøtes landslov ved professorene Hans Jacob Orning og Sigrun Høgetveit Berg.Det første tar for seg valden i og utanfor Landslova. Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er kjend for å prøve å få bukt med valdsbruken i samfunnet. Lova omtaler borgarkrigsperioden som ei «villfaringståke», og innførte eit forbod mot ættehemn, det vil seie at det fra nå av berre var lov å hemne seg på gjerningsmannen, ikkje på hans frendar. Men kor valdeleg var samfunnet før lova blei innført? I dette foredraget diskuterer Hans Jacob Orning, professor i mellomalderhistorie, dette spørsmålet ut frå ein tese om at samfunnet før Landslova var nokså fredeleg, men at menneska hadde andre haldingar til kva vald var, enn det som kjem til syne i Landslova. Magnus Lagabøte var sterkt inspirert av kristen tenking, og Landslova ber preg av dette, sjølv om Magnus og kyrkja ikkje vart samde om korleis kristenrettane skulle formulerast i Landslova. I det andre foredraget vil professor Sigrun Høgetveit Berg sjå på korleis Landslova og kristenrettane forsøkte å regulere ekteskap, samliv, og seksualåtferd og korleis lovene såleis påverka dei nære relasjonane til folk flest, fattig som rik. (Begynner på 48:57) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

17 Maalis 20241h 30min

Middelalderen på 90 minutter

Middelalderen på 90 minutter

Mange tenker kanskje på mellomalderen i Noreg som ei tid der alt var mørkt og brutalt, men det stemmer ikkje.Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby gir oss eit krasjkurs i denne fascinerande delen av verdshistoria, som strekker seg frå om lag år 500 til 1500. Han tar oss med inn i ei lys, levande og hendingsrik tid der vi finn spirene til dagens moderne samfunn. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

16 Helmi 20241h 31min

Knowledge Fired Across the Landscape, et essay av Martin Svedman

Knowledge Fired Across the Landscape, et essay av Martin Svedman

A Blaze in the Northern Sky gjorde Darkthrone til et av de mest innflytelsesrike norske svartmetallbandene på 90-tallet. Albumet fra 1992 scorer høyt på kåringer av tidenes beste metallalbum med sine enkle riff og rå lydproduksjon. Poet Martin Svedman skrev dette essayet til arrangementet Albumlytting på Nasjonalbiblioteket, der publikum hørte det 42 minutter lange albumet i sin helhet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

4 Helmi 202414min

Stillelesning: Som et spill av lys, et essay av Priya Bains

Stillelesning: Som et spill av lys, et essay av Priya Bains

Priya Bains har skrevet essayet Som et spill av lys som en inngang til Ruth Maiers dagbok. Essayet er skrevet til Nasjonalbibliotekets arrangement-serie kalt «Stillelesning», der publikum inviteres til biblioteket dyp konsentrert lesning, helt fritt for skjerm. Alle de oppmøtte fikk utdelt essayet og 70 sider fra den utvalgte boka.«Stillelesning» er en arrangementsserie på Nasjonalbiblioteket. Et knippe av landets fremste forfattere skriver om utvalgte tekster som har en spesiell plass i deres liv eller som har etterlatt et betydelig avtrykk i norsk kulturhistorie. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Tammi 202417min

Stillelesning: Alberte kommer løpende, et essay av Ingeborg Arvola

Stillelesning: Alberte kommer løpende, et essay av Ingeborg Arvola

Ingeborg Arvola har skrevet essayet Alberte kommer løpende som en inngang til Cora Sandels roman Alberte og Jakob. Essayet er skrevet til Nasjonalbibliotekets første arrangement i en arrangement-serie kalt «Stillelesning», der publikum inviteres til biblioteket dyp konsentrert lesning, helt fritt for skjerm.«Stillelesning» er en arrangementsserie på Nasjonalbiblioteket. Et knippe av landets fremste forfattere skriver om utvalgte tekster som har en spesiell plass i deres liv eller som har etterlatt et betydelig avtrykk i norsk kulturhistorie. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

25 Kesä 202329min

Festtale til sinnafeministen – Marta Breen

Festtale til sinnafeministen – Marta Breen

Ho øydelegg alle hyggjelege middagar, særleg når ho har drukke. Ho klarer ikkje å ta imot ein bukett roser på valentinsdagen utan å tyte om at romantikk er sexisme. Gratulerer du henne med dagen på 8. mars, asar ho seg opp og roper «Gratulerer med kva, då? At vi har vore undertrykte i fleire tusen år?!». Ho er forbanna. Og det med god grunn. I sin «Festtale til sinnafeministen» tek forfattar, journalist og feminist Marta Breen oss med bak biletet av den kortklipte furia og inn i fleire hundreår med raseri. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Touko 202334min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
kolme-kaannekohtaa
i-dont-like-mondays
siita-on-vaikea-puhua
sita
aikalisa
poks
antin-palautepalvelu
rss-ootsa-kuullut-tasta
yopuolen-tarinoita-2
kaksi-aitia
mamma-mia
ootsa-kuullut-tasta-2
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
rss-murhan-anatomia
meidan-pitais-puhua
murha-joka-tapahtui-2
lahko
terapeuttiville-qa
loukussa