Piker, vin og sang. Hilde Louise Asbjørnsen, Kari Slaatsveen og Liv Kreken
NB:arrangement29 Marras 2016

Piker, vin og sang. Hilde Louise Asbjørnsen, Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Arrangement 12.10.2016 Dei levde på kant med lover og reglar og fekk aldri noka gate eller nokon staseleg plass kalla opp etter seg. Dei kunne kanskje håpe på ei lita vise, der livet og levemåten deira blei skildra med nokolunde rettvise. Det er utskota i samfunnet det skal handle om denne kvelden, både fiktive og ekte. Hilde Louise Asbjørnsen er musikar, låtskrivar, skodespelar og kabaretartist, og gav i 2015 ut sitt tiande studioalbum Don’t Stay for Breakfast. No vier ho kvelden til viser om fyll, kriminalitet, prostitusjon og anna fanteri, i samspel med programleiar Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. Arrangementet er ein del av programserien Støv og stjerner.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jaksot(279)

Levande brev. Reiser frå arkivet. Del 1

Levande brev. Reiser frå arkivet. Del 1

Utferdstrong og heimlengt, eventyr og frustrasjonar, skiftande vêr og framande hamner. Nasjonalbibliotekets brevsamling gjev mange innblikk i livet på reisefot: anten det er poetiske skildringar av sydlandske himmelstrok, iskalde tog og glidande skip eller knappe rapportar frå ugjestmilde polpunkt og møte med fiendtlege innfødde. Frå både fjern og nær har nordmenn skrive heim. Gisken Armand, Mads Ousdal, Øystein Røger, Selome Emnetu og Lasse Kolsrud levandegjer brev om reiser og liv i eksil. Programleiar Vigdis Hjorth losar oss gjennom kvelden, akkompagnert av Pål Moddi Knutsen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

3 Syys 201944min

Frydefull frykt. Sletaune, Winge, Bakke Andresen og Aarvig

Frydefull frykt. Sletaune, Winge, Bakke Andresen og Aarvig

Heilt sidan filmgrøssaren De dødes tjern i 1958 har nordmenn elska å bli skremde når dei går på kino. Kva er det med skrekkfilmen som lokkar så mykje? Kvifor er det så frydefullt å bli redd? Regissør Pål Sletaune er ein av dei som har fått nakkehåra våre til å reise seg med filmar som Naboer (2005) og Babycall (2011). Skodespelar Viktoria Winge gav skrekken eit ansikt før ho døydde ein blodig død i Fritt vilt (2006). No møter dei Christer Bakke Andresen, som har forska på historia til skrekkfilmen i Noreg, i ein samtale som blir leidd av filmmeldar Einar Aarvig. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

27 Elo 201936min

Om Eilert Sundt og folkehelse. Camilla Stoltenberg

Om Eilert Sundt og folkehelse. Camilla Stoltenberg

Hvordan vi vasket klær og sengetøy, feide gulv og stelte fjøset, og om folk flest vasket seg med såpe eller lut, var blant de mange tingene Eilert Sundt kartla på sine reiser rundt i Norge på 1800-tallet. Folkelivsgranskeren skrev flere bøker om husflid, renslighet og dødelighet og var blant de første til å systematiskere kunnskapen om hvordan folk flest levde. Lege og direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg ser nærmere på hvordan Sundts kartlegging av helse og hygiene fikk betydning for folkehelsa før og nå. Foredraget er en del av Nasjonalbibliotekets markering av samfunnsforskeren Eilert Sundts 200-årsjubileum. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

20 Elo 201955min

Det reisende folket. Thor Gotaas om Eilert Sundt

Det reisende folket. Thor Gotaas om Eilert Sundt

Den tidlige spiren til Eilert Sundts forfatterskap og kartlegging av sosialt folkeliv, lå i hans interesse for det reisende folket. I sin første avhandling, Beretning om Fante- eller Landstrykerfolket i Norge (1850), gikk han inn for å løse «gåten» rundt deres historie og tradisjoner i en tid da vandringene ble oppfattet som et sosialt problem. Hvilke konsekvenser og følger fikk hans forskning for reisende folk i Norge, og legger den også føringer for holdninger i dag? Folklorist og forfatter Thor Gotaas har skrevet en rekke bøker om reisende i Norge, blant annet Taterne – livskampen og eventyret. I dette foredraget starter han i Sundts forskning, før han trekker de lange kulturhistoriske linjene for reisende folkeliv. Foredraget er en del av Nasjonalbibliotekets markering av samfunnsforskeren Eilert Sundts 200-årsjubileum. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

13 Elo 201936min

Kva skal vi med historie. Erling Sandmo

Kva skal vi med historie. Erling Sandmo

Kva fortel fortida oss om kven vi er i dag? Menneskja handlar og lever i fellesskap og samfunn som mellom anna byggjer sin identitet på korleis vi tolkar og skriv historia. Kva funksjon har historia hatt i samfunnet før oss, og kva funksjon har ho i dag? Historieprofessor og forskar II ved Nasjonalbiblioteket, Erling Sandmo, tok i boka Tid for historie (2015) for seg historia si eiga historie. No ser han nærare på kvifor det er så viktig å forstå fortida, og korleis historie verkar i eit samfunn. Arrangementet er ein del av serien «Historisk» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

6 Elo 201952min

Byråkrati og byggjeklossar. Antonsen, Loe og Bang-Hansen

Byråkrati og byggjeklossar. Antonsen, Loe og Bang-Hansen

Med eit parodisk blikk på byråkratiet, innpåslitne naboar og krangling med handverkarar, sette filmen Norske byggeklosser den norske, husbyggjande folkesjela under lupa. Filmarkivar Bent Bang-Hansen har vakse opp både bak og på lerretet til Norske byggeklosser, med ei rolle i denne og fleire av filmane til Pål Bang-Hansen. No får klassikaren ein oppfølgjar, der Atle Antonsen står for både manus og elleve av rollene. Antonsen er ikkje framand for å lage humor av tungrodd byråkrati, med tv-seriar som Etaten og NAV bak seg. Også Erlend Loe set ord på den sære norske folkesjela og byråkratiet, mellom anna i tv-serien Kampen for tilværelsen og romanen Fvonk. No møter dei tre Tonje Skar Reiersen til samtale, før det blir filmframsyning under open himmel. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

30 Heinä 201935min

Albert Einstein i Noreg. Nils Voje Johansen

Albert Einstein i Noreg. Nils Voje Johansen

I november 1919 la britiske astronomar fram målingar som støtta den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein frå 1915. Nærast over natta blei Einstein verdskjend. Våren året etter inviterte Studentersamfunnet han til Noreg og Kristiania. Nils Voje Johansen er universitetslektor ved Matematisk institutt ved UiO og har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om norsk vitskapshistorie. No fortel han om bakgrunnen for besøket frå Einstein, om kva han snakka om då han var her, og om kvifor nordmennene blei dei fyrste som fekk høyre han snakke offentleg om den banebrytande teorien sin. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Heinä 201941min

På menneskevis. Birgitte Grimstad og Gunnar Stålsett

På menneskevis. Birgitte Grimstad og Gunnar Stålsett

Hva slags krefter kan ei vise sette i gang? Kan musikk bidra til å skape solidarisk engasjement? Birgitte Grimstad har i mange tiår vært en av våre fremste visesangere. Gjennom et langt artistliv har hun også vært ambassadør for toleranse, solidaritet og fredsarbeid. Hun har stått på barrikadene for alt fra fred til utøvende kunstneres rettigheter. Biskop emeritus Gunnar Stålsett har gjennom hele karrieren som politiker og teolog vært kjent som en frittalende og engasjert samfunnsrefser med tanke for enkeltmennesker og deres levevilkår. Grimstad og Stålsett møtes til en samtale som ledes av Liv Kreken. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

16 Heinä 201933min

Suosittua kategoriassa Yhteiskunta

olipa-kerran-otsikko
kolme-kaannekohtaa
i-dont-like-mondays
siita-on-vaikea-puhua
sita
aikalisa
poks
antin-palautepalvelu
rss-ootsa-kuullut-tasta
yopuolen-tarinoita-2
kaksi-aitia
mamma-mia
ootsa-kuullut-tasta-2
gogin-ja-janin-maailmanhistoria
rss-murhan-anatomia
meidan-pitais-puhua
murha-joka-tapahtui-2
lahko
terapeuttiville-qa
loukussa