
No blir det straum og anti-EU for alle pengane
Bruddet er eit faktum. Senterpartiet går ut av regjering, og skal kjempe for låge straumprisar på Stortinget. Det kan bety ei ny tydeleg skillelinje mellom partia i valet i haust. Og kva med Støre? Han sit åleine igjen i regjering, men kan me seie han vann?
30 Tammi 202529min

Krisespesial
Er det mogeleg å unngå brot i regjeringa no? Støre og Vedum har ryggen mot veggen, men Støre kjempar ikkje berre mot Senterpartiet. Han har også motstandarar i eige parti.
28 Tammi 202519min

Regjeringskrise, heltebiskop og fordommar
EU og straumprisar kan sprengje regjeringa, og Hans forklarar kvifor. Men kven tener eigentleg på ei regjeringskrise? KrF får ny leiar, er på jakt etter nye veljargrupper og går i kulturkrigen. Og me tar debatten om Gen Z og luftar alle fordommane våre.
23 Tammi 202541min

USA-spesial: Og der var Trump på plass
Donald Trump er igjen leiar av den frie verda. Gerd har besøk av journalist Vegard Tenold Aase for å snakke om innsetjinga, talen, tech-gutane på første rad og ikkje minst hatten til Melania.
20 Tammi 202537min

– Kvifor er ikkje fleire som meg?
Svenskane har avslørt nye verstingar innanfor fast fashion-bransjen. Hans slår difor eit slag for å ikkje shoppe. I USA blir Trump straks president, medan i Midtausten er ein våpenkvile på trappene. Her heime lokkar Oslo med «rage bait», og me går sjølvsagt på.
16 Tammi 202534min

Spesial: – Med denne målinga kan ingen stoppe Erna
Etter å ha blitt overkøyrt av Sylvi Listhaug, får Erna Solberg eit lite comeback på BTs ferske måling. Saman ville dei to gjort reint bord, om dette blei valresultatet.
14 Tammi 202522min

Skattehat, annektering av Grønland og snø
Hans har vore i Oslo på årets mest opphausa konferanse. Den viste fram splittelsen i norsk politikk og samfunn. Kva vil eigentleg Trump-familien med Grønland? Erobre det i privatfly? Og i Norge snør me ned.
9 Tammi 202535min

Nokon må spå 2025
Ingen veit kva det nye året vil by på, men me prøver som vanleg å gjette. Marie, Gerd og Hans gir deg sju spådommar, som me kan le av om eitt år igjen.
2 Tammi 202530min




















