Live frå Arendalsveka med gjester
Nokon må gå17 Elo 2022

Live frå Arendalsveka med gjester

Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt har tatt med «Nokon må gå» til Arendalsveka. Med på scena er direktør i Språkrådet, Åse Wetås, som mellom anna kårar dei tre verste namna på norske instituasjonar. Det er også Frp-nestleiar Terje Søviknes og tidlegare justisminister Monica Mæland for å snakke om sine lange politiske liv. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Teknikk: Magne Antonsen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Jaksot(434)

Ferjekrig, klimakamp i Sp og kven skal du stemme på i grand prix-finalen?

Ferjekrig, klimakamp i Sp og kven skal du stemme på i grand prix-finalen?

Alle vil kutte i ferjeprisane, og Sp og Frp vil ikkje vere dårlegare enn Ap. Men blir partia einige? Sp slit òg med ein intern strid om klimapolitikken – og podkasten kjem med den autorative guiden til korleis vestlendingar bør stemme under helgas finale i Melodi Grand Prix. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

18 Helmi 202139min

Dyre ferjer, heftig koronadebatt og krig om teiknefilm

Dyre ferjer, heftig koronadebatt og krig om teiknefilm

Ap har endeleg klart å treffe med eit utspel om dyre ferjer. Koronadebatten har tatt ein litt heftigare vending i Oslo – men i Bergen er det roleg. Og korleis kunne ein kommunal teiknefilm skape stor strid i Kvinnherad? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: Vinskvetten, BT, NRK, Kvinnherad kommune

11 Helmi 202136min

Oslo først-vaksinen, Meir kaos i Bergen Frp og Vedum kjeftar på Ap

Oslo først-vaksinen, Meir kaos i Bergen Frp og Vedum kjeftar på Ap

Er det Ullevål eller Ulvik som skal få vaksine fyrst? Det er som vanleg bråk i Frp, men no er det endeleg litt kiving mellom Sp og Ap òg. Og treng vi eit University of the Fjords? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, TV 2 og BT

4 Helmi 202152min

Grensa stenger, kaos i FNB og alle skal til Vestland

Grensa stenger, kaos i FNB og alle skal til Vestland

Regjeringa stenger grensa til Noreg. Men det er berre ei innrømming av at regjeringa ikkje har klart å stoppe importsmitten. Etter Trym Aafløys utmelding frå FNB, kranglar dei om verva hans. Og korleis skal me takle at alle vil til Vestland på ferie? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

28 Tammi 202142min

Smittevernskrangel, småparti og strileforbod

Smittevernskrangel, småparti og strileforbod

På Stortinget går diskusjonen høgt om kven som er mest barnslege i smitteverndebatten, og her vest har Abid Raja bede strilane om å halde seg unna teater og kulturliv. Og blir dette året der Raudt og MDG skal bryte sperregrensa? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

21 Tammi 202146min

Ap-krise, Liberalistane-nominasjon og snø i Bergen

Ap-krise, Liberalistane-nominasjon og snø i Bergen

Det snør i Bergen, men korleis taklar eigentleg byen dette vêret? Det spør Jens om i «Å Vestland». Denne veka er det nominasjonsmøte i Liberalistane – som med store profilar på laget, kanskje kan skape problem for Frp. Og så ser det ikkje ut til å vere ein ende på alle problema til Arbeidarpartiet. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Sotra Anchor & Chain

14 Tammi 202144min

2021-spådom, USA og knoting

2021-spådom, USA og knoting

Kva kan me vente oss i 2021? Og kva skjedde eigentleg då Kongressen i USA vart storma. Og sist, men ikkje minst, blir det skamfull stemning i studio når kommentatorane må ta oppgjer med det verste ein vestlending kan gjere: knoting. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Klipp: VG

7 Tammi 202148min

Julebrus-spesial

Julebrus-spesial

Julebrus har blitt ein identitetsmarkør. Men er det lov å bli sett med ein brun julebrus vest for Finse? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound

28 Joulu 202019min

Suosittua kategoriassa Politiikka ja uutiset

aikalisa
rss-ootsa-kuullut-tasta
tervo-halme
ootsa-kuullut-tasta-2
politiikan-puskaradio
rss-kuka-mina-olen
et-sa-noin-voi-sanoo-esittaa
rss-podme-livebox
rss-vaalirankkurit-podcast
otetaan-yhdet
rikosmyytit
rss-merja-mahkan-rahat
viisupodi
rss-hyvaa-huomenta-bryssel
rss-suoraan-asiaan
rss-polikulaari-humanisti-vastaa-ja-muut-ts-podcastit
rss-se-avun-kysymyspodcast
rss-50100-podcast
rss-raha-talous-ja-politiikka
rss-tasta-on-kyse-ivan-puopolo-verkkouutiset