Preike på Bots og bønedag - 26.10.2025 - v/Stein Ødegård
Brynekyrkja26 Loka 2025

Preike på Bots og bønedag - 26.10.2025 - v/Stein Ødegård

Lesetekst 1

Kven er ein Gud som du,

ein som tek bort skuld og tilgjev synd

for den resten han eig?

Han held ikkje evig fast på vreiden,

for han vil gjerne visa miskunn.


Herren skal igjen

visa miskunn mot oss

og trø vår skuld under fot.

Du skal kasta alle syndene våre

ned i havsens djup.


Mika 7,18–19

Lesetekst 2

Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga.


2. Korintar 13,5–8

Evangelietekst.

Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.


Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ Så braut han opp og gjekk heim til far sin.


Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ Men faren sa til slavane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.


Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. Han ropa på ein av slavegutane og spurde kva som stod på. ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. Men han svara attende: ‘No har eg slava for deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’»


Lukas 15,11–32

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(99)

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Heinä 12min

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrs...

7 Kesä 23min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Touko 20min

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Evangelietekst.Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord slik dei gjer blant folkeslaga; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før...

26 Huhti 15min

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

EvangelietekstEg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulv...

19 Huhti 34min

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1De er mine vitne, seier Herren,og min tenar, som eg har valt ut,for at de skal kjenna meg og tru på megog skjøna at eg er Han.Før meg har ingen gud vorte forma,og etter meg skal ingen koma....

12 Huhti 23min

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1Herren er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! Herrens høgre hand gjer storverk,Herrens høgre hand lyfter opp. Herre...

5 Huhti 26min

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Lesetekst 1Herren sa til Moses og Aron i Egypt:Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten ti...

2 Huhti 15min

Suosittua kategoriassa Uskonto ja hengellisyys

yopuolen-tarinoita-2
kulttien-johdossa
lahko
rss-lakeuden-valo
voi-hyvin-meditaatiot-2
rss-yopuolen-tarinoita
astropodia
rss-tarot-oivallusten-kortit
harhaoppia
rss-vapaudu-voimaasi
rss-mielen-laboratorio
rss-miehen-mieli-podcast
rss-valo-minussa-2
rss-mieletonta-elamaa
rss-seuraa-sieluasi
rss-laukkaava-lammas
rss-mukillinen-motivaatiota
rss-andrei-puhuu
rss-ville-anttila-podcast