Miljøvernar med vilje til makt

Miljøvernar med vilje til makt

Velkomen til Oikos8 - etter mi meining ein av Norges viktigaste podkastar om miljø, natur, klima, politikk og samfunn.


I dag har eg med meg ein gjest som eg har prøva å få med lenge. Første gong eg såg han i avisa, sat han i dress og drakk pils midt på blanke formiddagen medan han snakka om liberale verdiar – på klingande Nordfjording. Då var han leiar i unge Venstre. Mykje vatn har runne i Eidselva sidan då, og han har sidan vore ein av våre mest profilerte – og skal eg seie veltalande, politikarar. Vi snakkar sjølvsagt om nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn.

For meg som er ivrig lyttar av både dagsnytt18 og politisk kvarter, så har det alltid vore hyggelig når Rotevatn har blitt sendt i ilden.

Ikkje fordi eg alltid er einig med han, men fordi det i desse tider med politisk populisme og tåkeprat er godt med ein seriøs, strukturert og kunnskapsbasert politikar.

Rotevatn har vore involvert i mange politiske saksfelt, men han har jobba mykje med klima og miljø. Og då særlig i rollen som statssekretær og seinare statsråd for Klima og miljø i Solberg-2-regjeringa. No har Venstre kome under sperregrensa, og Rotevatn har mista stortingsplassen sin.


I denne episoden av Oikos får vi eit sjeldan blikk bak sceneteppet i det politiske miljøarbeidet. Rotevatn forklarer korleis det er å vere ansvarlig for miljø i oljelandet norge. Han beskriver dilemma ein står i som politikar - når ein skal verne natur i møte med bygder som kjemper for innbyggjarane sine, og for villaksen som han sjølv er så glad i når den truast av ein av landets største industriar.


Vi deler bekymringa over at miljøpartia samla sett har tapt terreng i siste stortingsval. Rotevatn understreker viktigheita av at miljøpolitikken drivast tverrpolitisk, og han slår eit slag for å drive miljøpolitikk på borgarleg side. Vi diskuterer til slutt miljøsøksmålet og rettsliggjeringa av miljøpolitikken, men juristen Rotevatn er skeptisk til om grunnlova sin paragraf 112 (miljøparagrafen) er brukbar til å utfordre myndigheitene, slik ein har freista i Klimasøksmålet.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(21)

Men størst av alt er usikkerheita

Men størst av alt er usikkerheita

Korleis leve livet i ein verden som går av hengslene, og kva kan Afghanistan-veteranar lære oss om usikkerheit? Det spør eg Andreas Espetvedt Nordstrand om. Han er psykologspesialist, førsteamanuensis...

1 Kesä 1h 20min

Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

Miljøkrisa er fundamental, og krevjer fundamentale løysingar, seier professor i etikk Odin Lysaker. Djupøkologien er eit svar på dette. Alt liv som påverkst av miljøkrisa må rommast i demokratiet. Vi ...

25 Touko 1h

Distriktspolitisk parterapi

Distriktspolitisk parterapi

Senterpartiet og MDG er etter mi meining to av dei partia som i størst grad har politikk for norske distrikt og landbruk. Ein vågal påstand kanskje - med to parti som støtt er i tottane på kvarandre. ...

18 Touko 59min

Styrer oljebransjen norsk klimapolitikk?

Styrer oljebransjen norsk klimapolitikk?

Forskar og forfattar Bård Lahn forklarer korleis Noreg både kan opne nye gassfelt og innføre rådyre klimatiltak. Korleis er det mogleg!?! Kristian ser fanden på flatmark og blir NESTEN konspiratorisk:...

11 Touko 1h 10min

Kraft OG natur - ja faktisk!

Kraft OG natur - ja faktisk!

Sidan eg er litt interessert i miljø og klima og slikt, er sosiale medier fulle av fornybar kraftSom eg har snakka om tidligare her på podkasten, har prisen på vind og sol gått ned, noko som tilsynela...

4 Touko 1h 17min

Blå framtid eller svart hav?

Blå framtid eller svart hav?

Norske havområde har enorme økosystem og fiskeriressursar. Men no er det store ting i bevegelse. Er du glad i fisk, interessert i norsk fiskeri, eller generelt opptatt av natur - dette er ein SVÆRT læ...

23 Maalis 1h 5min

Klimakrise = demokratikrise?

Klimakrise = demokratikrise?

I denne episoden snakkar eg med professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo. Han ledar forskingsgruppa Democrisis. Og dei seier demokratiet vårt har svikta i å løyse miljøproblema.Demokrati...

16 Maalis 1h 16min

SABIMA og kampen for 50.000 norske artar

SABIMA og kampen for 50.000 norske artar

Kven bur i eigentlig i Norge?5.5 millionar folk50.000 artar – som vi veit omOg kanskje 20.000 som vi ikkje veit omFordelt på heile 870 ulike typar naturAlt frå ulike typar urskog, gamle beitemarker, t...

9 Maalis 1h 9min

Suosittua kategoriassa Koulutus

rss-murhan-anatomia
psykopodiaa-podcast
voi-hyvin-meditaatiot-2
rss-rahamania
rss-koira-haudattuna
rss-narsisti
psykologia
rss-liian-kuuma-peruna
kesken
rss-hereilla
taytta-tavaraa
rahapuhetta
rss-duodecim-lehti
rss-radplus
rss-arkea-ja-aurinkoa-podcast-espanjasta
rss-niinku-asia-on
rss-valo-minussa-2
rss-vapaudu-voimaasi
dear-ladies
rss-eron-alkemiaa