Om episode
Gro Dregelid er ei av dei som bryr seg, ei av dei som vil gjera ein skilnad, som meiner at me alle kan bidra til ei betre verd. Ho har vore reservemamma og støtte til unge asylsøkjarar på flykt i Noreg og Europa, ho var til stades i rettssaken mot han ho berre kallar terroristen, og ho driv sitt eige bistandsprosjekt i Tanzania. Dette er første av to podkastar med henne. Her snakkar om ho om mindreårige asylsøkjarar, om Utøya og rettssaken etterpå m.n. I neste episode vert det mest om Tanzania og henne sjølv.