Det andre namnet
premium
9 Sep 2019Roman

Det andre namnet

Forfatter: Jon Fosse
Lest av: Anderz Eide
Kjøp hos eBok
Fyrste bok i storverk frå Jon Fosse Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar. Det er adventstid. Kvart år reiser Åsleik med sjarken for å feira jul med syster si. Asle vert alltid invitert med, men takkar alltid nei. Denne jula vil Asle for fyrste gong verta med på julefeiring hos systera. Livet til dei to Aslane vert fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. I dette fyrste bandet av «Septologien» handlar tilbakeblikka om barndomen. Det handlar om Asle og systera, fjorden og alle farar, men også om ein nabogut som vart borte på sjøen. «Septologien» er ei suggererande og storslegen forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, venskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seia å vera i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smaka med egg og flesk. Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. Nominasjonar og prisar til Septologien: Det andre namnet: Langlista til Dublin Literary Award 2020 Langlista til The International Booker Prize 2020 Nominert til Kritikarprisen 2019 Nominert til Brageprisen 2019 Nominert til Stadsteaterns Internationella pris Nynorsk litteraturpris 2019 Eg er ein annan: Langlista til Dublin Literary Award 2021 Nominert til Kritikarprisen 2020 Eit nytt namn: Langlista til Dublin Literary Award 2022 Kortlista til The international Booker Prize 2022 Finalist til National Book Award 2022 Kritikarprisen 2021 Brageprisen 2021

Nyeste Roman

stalker-2
edderkoppen
den-onde-hyrde
alle-syndere-blor-2
klokkene-ringer-for-deg
velkommen-hjem
hevnen-2
jaget-3
trusselen
fanget-4
og-solen-gar-sin-gang
malstrommen
nar-stjernene-faller
hjem-til-jul
sylvias-nye-sjanse
hjemlengsel
venninnene-pa-nordiska-kompaniet
arven-3
jordbardager
utskudd
nok-snakk-om-kjarlighet
en-lykkelig-slutt
i-kraft-av-det-gode
bydame
kun-til-navlen
miriams-stiftelse
mitt-neste-liv
visninger
fordi-jeg-elsker-deg
sosken

Populære lydbøker

javla-menn
domt-pa-logner
kjarlighetens-idioter
de-urolige
alle-syndere-blor-2
kaoskoden
jentene-og-morket
gjerningsmann
badboy
en-nasjon-i-sjakk
seriemordene-i-tistedal
bak-lukkede-dorer
kongen-av-os
din-tid-kommer
en-av-oss
soskenfeiden
orderud
sovngjengeren
skjerm-barna
mitt-liv-som-hun-og-han-og-hen
landet-som-ble-for-rikt
tort-land
shirog
ung-mann-vil-ut
dukken-i-tauet
full-spredning
mentalisten
mormors-utrolige-venninner
den-edle-kunsten-a-gi-fn
toner-i-natten
tusen-dager-med-taliban
en-matte-nok-ha-vart-der
skriket
gjestene
to-sostre
fra-ligging-til-legging
lungeflyteproven
nokkelvitnet
kongeriket