Madame Bovary
premium
14 Okt 2025Klassiker

Madame Bovary

Forfatter: Gustave Flaubert
Lest av: Arnhild Litleré

Kommer snart...

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om hovudkarakteren i verket som er ein av dei viktigaste romanane skriven på fransk. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt utalege gongar dramatisert, filmatisert og adaptert. Madame Bovary er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit. Flaubert skildra her også inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene som småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet. Før boka kom ut i 1857, gjekk ho som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris. Ho vart skulda for å vere usedeleg, og måtte gjennom ei rettssak før ho kunne bli gitt ut som bok. Gustave Flaubert (1821–1880) var ein av dei sentrale forfattarane i den franske romantikken, samstundes som han blir nemnd som opphavsmannen til den litterære realismen. Han skilde seg ut gjennom ein svært finstemd skrivestil, og har vore kalla ein av litteraturens store perfeksjonistar. Med debut-romanen Madame Bovary (1857) fekk Flaubert sitt store litterære gjennombrot.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Nyeste Klassiker

sg-myre
to-venner
sjur-gabriel
avkom
unge-werthers-lidelser
den-onde-hyrde
klokkene-ringer-for-deg
og-solen-gar-sin-gang
fluenes-herre
familien-pa-gilje
cleng-peerson-3
glassklokken
cleng-peerson
den-siste-viking
englandsfarere
smuglere
cleng-peerson-2
kranes-konditori
etterlyst
krigen-om-troja
is-slottet-2
fortellinger-fra-labrador-ungdomssynd-menn-fra-atlanteren
tjarehandleren-alice-atkinson-og-hennes-elskere
skipper-worse
kristin-lavransdatter-3
kristin-lavransdatter-2
kristin-lavransdatter
alberte-og-friheten
alberte-og-jakob
bare-alberte

Populære lydbøker

om-varen
en-nasjon-i-sjakk
let-them-teorien
albinoen
kongen-forteller
javla-menn
kongeriket
domt-pa-logner
alt-jeg-har-lart-om-ledelse
kjarlighetens-idioter
de-urolige
alle-syndere-blor-2
kaoskoden
jentene-og-morket
gjerningsmann
badboy
seriemordene-i-tistedal
bak-lukkede-dorer
kongen-av-os
din-tid-kommer
en-av-oss
soskenfeiden
orderud
sovngjengeren
skjerm-barna
mitt-liv-som-hun-og-han-og-hen
landet-som-ble-for-rikt
ung-mann-vil-ut
den-edle-kunsten-a-gi-fn
toner-i-natten
tusen-dager-med-taliban
en-matte-nok-ha-vart-der
skriket