Forvandling med Ghulam Abbas (1:5)
Leselaget7 Jan

Forvandling med Ghulam Abbas (1:5)

«Det er kanskje ikkje hans feil, men han er likevel skuld i desse brotsverka.» (Frå Les Misérables)

Les Misérables er Victor Hugo sin store roman frå 1862 om samfunnets utstøytte. Hovudpersonen er den tidlegare straffangen Jean Valjean. Romanen begynner i det Jean Valjean nett har blitt frigjeven, etter 19 år i straffeanstalt. I lomma har han 109 franc og eit gult pass, som for alltid merkar han som straffange. Kor skal han gjere av seg?

I denne episoden av Leselaget dykkar vi djupare ned i forholdet mellom brotsverk og straff. Mennesket er skapt godt, men kan menneskenaturen bli totalt forvandla, av lagnaden? Kan hjartet bli øydelagt og vondt av strukturer i samfunnet? Kan menneskeætta forvandle menneske til ville dyr? Og kan mennesket bli godt igjen?

Dagens gjest er Ghulam Abbas, tidlegare gjengleiar for den berykta B-gjengen, no sosionom og ungdomsarbeidar. Abbas har fortalt historia si i boka Gudfaren, skrive av Kjetil Østli.

Programleiar er Ingrid Weme Nilsen.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(13)

Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

Olav Duun-entusiast og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Inger Johanne Sæterbakk er gjest i siste episode av Leselaget. Ho har lese tredje band i Medmenneske-trilogien, Siste leveår frå 1933. No ...

9 Apr 41min

Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det g...

20 Mar 33min

Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denn...

4 Mar 38min

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150...

27 Feb 1min

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet t...

5 Feb 45min

Kjærleik med Monica Roland (4:5)

Kjærleik med Monica Roland (4:5)

Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU. Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cose...

28 Jan 41min

Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg m...

21 Jan 35min

Fattigdom  med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

Fattigdom med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

Dagens gjest er Anna-Sabina Soggiu, samfunnsdebattant og sosionom, kjent frå mellom anna TV-programmet Den norske fattigdommen med Thomas Seltzer og forfattar av boka Vi fattigfolk.Les Misérables hand...

14 Jan 45min

Populært innen Samfunn

rss-spartsklubben
giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
konspirasjonspodden
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
rss-henlagt-andy-larsgaard
popradet
alt-fortalt
sophie-leser
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
wolfgang-wee-uncut
rss-espen-lee-usensurert
synnve-og-vanessa
fladseth
frokostshowet-pa-p5
rss-dette-ma-aldri-skje-igjen
198-land-med-einar-trnquist
rss-siktet