Hudlege Judit Kiss: Dette bør du faktisk vite om hud, sol og føflekkar

Hudlege Judit Kiss: Dette bør du faktisk vite om hud, sol og føflekkar

I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom.

Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord.

Me snakkar om:

  • Føflekkar og hudkreft: kva du skal sjå etter – og kvifor endring betyr meir enn storleik

  • Sol, solkrem og D-vitamin: kva som faktisk er smartest

  • Barn og solbeskyttelse: kva type solkrem som er best for dei minste

  • Akne, rosacea og pigmentflekkar: kva som hjelper – og når du bør oppsøka hudlege

  • Og ein viktig reality check: Korleis for mange produkt (og mykje “hudtrend”-innhald frå sosiale medium) kan bli ein belastning for hudbarrieren og hudfloraen

Dette er episoden for deg som vil ta betre vare på huda – med trygg fagkunnskap, utan overdriving og utan 15 steg i hudrutina.


Sponsor: Velværetunet


Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.

På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebad

No har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesidavelveretunet.no for full oversikt over tilbodet.

Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.

På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).

I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.

Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.

Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos ⁠Velværetunet⁠ i dag. 🌿

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(427)

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt?I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyr...

14 Sep 43min

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Korleis får du ein bil til å skinne? I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med.Sveinung fortel om ...

7 Sep 1h

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina. I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bond...

31 Aug 1h 26min

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk.Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygn...

24 Aug 55min

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar.I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg, som tek oss med bak kulissan...

17 Aug 51min

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilna...

10 Aug 1h 3min

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisje...

3 Aug 39min

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i.I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdomm...

27 Jul 48min

Populært innen Business og økonomi

stopp-verden
dine-penger-pengeradet
rss-penger-polser-og-politikk
e24-podden
rss-borsmorgen-okonominyhetene
rss-pa-konto
rss-skravla-gar
lydartikler-fra-aftenposten
finansredaksjonen
utbytte
pengepodden-2
livet-pa-veien-med-jan-erik-larssen
tid-er-penger-en-podcast-med-peter-warren
rss-orjasater
stormkast-med-valebrokk-stordalen
lederpodden
pengesnakk
morgenkaffen-med-finansavisen
liberal-halvtime
rss-markedspuls-2