Frå isbrytar i Arktis til FFI-leiinga
UGRADERT8 Apr

Frå isbrytar i Arktis til FFI-leiinga

Etter 39 år ved Forsvarets forskingsinstitutt ryddar Jan Erik Torp (63) pulten. I denne episoden av Ugradert tek den assisterande direktøren oss med på ein runde frå oljekrisa på 80-talet til dagens høgteknologiske kappløp om dronesvermar og kunstig intelligens.


I 1986 låg oljeprisen på under ti (!) dollar fatet. For ein nyutdanna geofysiker på veg heim frå eit tokt i Arktis såg det dermed ikkje ut til at oljebransjen hadde mykje å tilby. Eit tilfeldig treff heime i Bergen markerte derimot starten på ein karriere ved FFI som skulle vare i nesten fire tiår.


I løpet av denne tida har Jan Erik Torp vore innom nesten kvar einaste krik og krok ved instituttet, frå tunge forsvarsanalysar og kampflystudiar til roller som verneombod, tillitsvald og no ved avslutninga av karrieren som assisterande direktør.


I dagens podkast snakkar han om kvifor vi ikkje må sove i timen: Torp har i årevis åtvara mot at Europa sakkar akterut i det teknologiske kappløpet. Og kvifor er det viktig for han at FFI-forskinga aldri støvar ned, men faktisk endar opp som teknologi Forsvaret kan bruke?


Vi ser på vesle FFI i den store verda: Korleis ser eigentleg NATO og stormaktene på dette norske forskingsmiljøet? Er vi veslebroren som får vere med, eller er det vi som enkelte gongar sit på fasiten?


Høyr om helikopterturen til Bonn: Kva i all verda skjedde då ein FFI-delegasjon, med Torp som ein av passasjerane, måtte fly Bell 412 frå Fornebu til Tyskland?

Dei som har jobba tett på Torp fortel om ein leiar som er uvanleg lett å få i tale, og som alltid har stilt opp når utfordringane har vore som størst. Han har vore i leiinga av instituttet gjennom terrorforskingas barndom, moderniseringa av Sjøforsvaret og i store strategiske samarbeid.


No ventar eit nytt tilvære. Blir det eit comeback i løypa for den gamle orienteringsløparen, eller har han funne heilt andre postar i livet?


Høyr heile intervjuet med Jan Erik Torp her.

Vil du ha nyheter og informasjon om hva Forsvarets forskningsinstitutt forsker på og utvikler? Da kan du:


Takk for at du lytter til Ugradert fra FFI.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(195)

Irans missiler og atomprogram

Irans missiler og atomprogram

Denne helgen brøt det på ny ut krig i Midtøsten. USA og Israel angrep Iran og drepte landets leder, ayatollah Ali Khamenei. Iran svarte med missilangrep mot Israel og amerikanske baser.FFI-forsker Hal...

4 Mar 49min

Testet ubemannede kampkjøretøyer i Norge

Testet ubemannede kampkjøretøyer i Norge

I ukens episode av Ugradert får du bli med på en helt spesiell demonstrasjon som fant sted i Regionfelt Østlandet, skytefeltet nordøst for Rena, i februar.Da var 28 industribedrifter og forskere og fo...

25 Feb 14min

Er du naken på nett?

Er du naken på nett?

Hver eneste dag deler vi informasjon om oss selv på internett. Men vi deler mer enn vi tror. Og hvem bruker den informasjonen – og til hva? Bompengepasseringer, bilapper som logger kjøreruter, feriebi...

18 Feb 42min

Fire år med fullskalakrig i Ukraina: Kan det bli fred?

Fire år med fullskalakrig i Ukraina: Kan det bli fred?

24. februar er det fire år sidan Russland gjekk til eit fullskala angrep på Ukraina. I denne episoden av Ugradert ser tre FFI-forskarar nærare på kva som pregar krigen no. Gjestar i studio er Tor Bukk...

11 Feb 47min

Slik kan Forsvaret bruke solceller i felt

Slik kan Forsvaret bruke solceller i felt

Visste du at det finnes overvåkningsdroner som kan hjolde seg i lufta i flere måneder av gangen takket være solceller?Solceller kan gjøre militære enheter mer utholdende og vanskeligere å oppdage. Nå ...

4 Feb 14min

Nukleær elektromagnetisk puls

Nukleær elektromagnetisk puls

Hvis et kjernefysisk våpen detoneres i stor høyde, kan kraftforsyning, mobilnett, togtrafikk og andre viktige funksjoner i store områder bli slått ut av den elektromagnetiske pulsen fra eksplosjonen.I...

28 Jan 33min

Er vi førebudde på krig i nabolaget?

Er vi førebudde på krig i nabolaget?

I denne podkasten ser vi på det som vil vere ein stresstest av Noreg: Kva skjer dersom Russland går til åtak på Finland, og Austersjøen blir minelagt?Ein ny FFI-rapport har sett på norsk logistikk i e...

21 Jan 18min

Korleis vil Totalforsvarsåret 2026 påverke deg?

Korleis vil Totalforsvarsåret 2026 påverke deg?

Både kong Harald og statsminister Jonas Gahr Støre trekte det fram i nyttårstalane sine: 2026 er utpeikt som Totalforsvarsåret. I ei tid med store globale spenningar, digitale truslar og større risiko...

14 Jan 31min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
forklart
aftenpodden-usa
popradet
stopp-verden
lydartikler-fra-aftenposten
det-store-bildet
rss-gukild-johaug
dine-penger-pengeradet
nokon-ma-ga
fotballpodden-2
hanna-de-heldige
aftenbla-bla
rss-ness
rss-espen-lee-usensurert
rss-penger-polser-og-politikk
rss-dannet-uten-piano
frokostshowet-pa-p5
rss-utenrikskomiteen-med-bogen-og-grasvik