#51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker

#51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker

Sam Helmick, president i American Library Association (ALA), var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde. I denne episoden får du høgdepunkt frå foredraget hen heldt der 18. mars og eit intervju gjort av Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag.

Sam Helmick kom fleire gongar attende til formuleringa om at sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker, og gjorde det klart at bokforbod og innskrenking av bibliotektilgang ikkje er eit isolert amerikansk fenomen, men at vi no opplever ei felles demokratisk skjebnestund.

Bibliotek er ikkje nøytrale arenaar, understreka Helmick. Dei er intentional spaces – rom bygde med formål: for å skapa tilgang, tillit og samhald.

Helmick peikar òg på dei strukturelle kreftene bak presset mot biblioteka. Når leiaren for OpenAI Sam Altman hevdar at kunnskap vil bli ei vare folk må betala for, står bibliotekarar bokstavleg tala i vegen for han. Finansiering er difor ikkje berre eit driftsspørsmål – det er eit spørsmål om intellektuell fridom.

Til norske bibliotekfolk har Helmick ei klar helsing: «De gjer jobben som USA skulle gjort for ti år sidan» – å gjera folk merksame på kva som skjer.

Og oppgåva er ikkje berre å skildra farvatna. Vi må bygga flåten – gjennom eigne historier, gjennom å engasjera lånarane, og gjennom å hugsa kvifor vi driv med bibliotek, seier Helmick.

Boktips frå Sam Helmick:


Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(53)

#52 Kan Sommarles bli betre?

#52 Kan Sommarles bli betre?

I denne episoden får de høyra opptak av debatten Kan Sommarles bli betre? som vi arrangerte i samarbeid med Periskop på sentralen i Oslo onsdag 27. mai. Utgangspunktet var Oddmund Kårevik sitt innlegg...

29 Mai 1h 22min

#50 Bibliotekpanelet om Mette-Marit, Lydbøker, NBT og hovudet til Magnus Lagabøter 

#50 Bibliotekpanelet om Mette-Marit, Lydbøker, NBT og hovudet til Magnus Lagabøter 

Bok & bibliotek knabbar skamlaust frå NRK og lagar vårt eige «fredagspanel» – velkomen til Bibliotekpanelet!I denne første utgåva består panelet av:Monica Isobel Glenna, bibliotekar, litteraturvitar o...

6 Mar 56min

#49 Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider

#49 Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider

2026 er totalforsvarsåret. Treng du gode argument for kvifor biblioteka er avgjerande i dette arbeidet? Treng du inspirasjon til arrangement og tiltak på ditt eige bibliotek? Då er du komen til rett p...

6 Mar 1h 1min

#48 Møt vinnarane av Årets bibliotek 2025, Skjåk folkebibliotek

#48 Møt vinnarane av Årets bibliotek 2025, Skjåk folkebibliotek

Den gjevaste av norske bibliotekprisar blei delt ut torsdag 15. januar, og Årets bibliotek 2025 blei Skjåk folkebibliotek i Innlandet fylke.  Er humøret litt så som så? Unn deg sjølv å høyra vinnarint...

16 Jan 30min

#47 Avgangsintervjuet med Aslak Sira Myhre

#47 Avgangsintervjuet med Aslak Sira Myhre

Etter 11 år i Bibliotek-Norge sin mektigaste posisjon går Aslak Sira Myhre no av som nasjonalbibliotekar. Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg har møtt han til ein oppsummerande samtale om digi...

4 Des 202555min

#46 Den store litteraturpolitiske debatten – i samarbeid med Prosa

#46 Den store litteraturpolitiske debatten – i samarbeid med Prosa

Prosa – Tidsskrift for sakprosa inviterte til litteraturpolitisk debatt i Oslo 17. juni i år. Høvet var lanseringa av utgåve 2-25 med stortingsvalet som tema. I starten av episoden gjestar redaktør en...

8 Aug 20251h 3min

#45 Avsløring av kjeldekritikkproblem gav skulebibliotekaren Holbergpris – med Anne Brit Ingholm og Pål Steiner

#45 Avsløring av kjeldekritikkproblem gav skulebibliotekaren Holbergpris – med Anne Brit Ingholm og Pål Steiner

Lærarar meiner dei underviser godt om kjeldekritikk. Elevane meiner dei aldri har lært det, verken på barneskulen, ungdomsskulen eller i vidaregåande. Det er den tabloide versjonen av innhaldet i denn...

30 Jul 202530min

Populært innen Samfunn

rss-spartsklubben
giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
konspirasjonspodden
popradet
aftenpodden-usa
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
rss-henlagt-andy-larsgaard
min-barneoppdragelse
wolfgang-wee-uncut
rss-espen-lee-usensurert
alt-fortalt
grenselos
synnve-og-vanessa
fladseth
rss-dette-ma-aldri-skje-igjen
frokostshowet-pa-p5
opptur-med-annette-og-ingeborg
krisemoter
rss-herrepanelet