Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og førebygging er så viktig.

Torbjørn deler også tankar om ungdomsmiljøet i regionen, utfordringar knytt til sosiale medium, digital påverknad, kriminalitet, svindel og korleis foreldre kan vera tettare på. Samtidig er han tydeleg på éin ting: Dei aller fleste ungdommane er fantastiske, og dei treng vaksne som ser dei, lyttar til dei og vågar å setja gode grenser.


Sponsor: Subshore

Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.

Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.

Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.

Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.

Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(412)

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv...

25 Mai 36min

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.Christian André har over 24 år bak...

18 Mai 36min

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.Sigrun deler o...

11 Mai 54min

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé...

4 Mai 1h 11min

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme.I denne episoden fortel ho om opp...

27 Apr 47min

Kjell Storelid og Henning Nordfonn – om ishall, dugnadsånd, pågangsmot og det å skapa noko saman

Kjell Storelid og Henning Nordfonn – om ishall, dugnadsånd, pågangsmot og det å skapa noko saman

Kva er eigentleg mogleg å få til når folk dreg i lag, held ut over tid og nektar å gi opp ein draum?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Kjell Storelid og Henning Nordfonn til ein inspirera...

20 Apr 1h 7min

Jan Ottar Wiik - om å ta steg ut av komfortsona med podkasten Eiendom og juss

Jan Ottar Wiik - om å ta steg ut av komfortsona med podkasten Eiendom og juss

Han likar seg helst litt i bakgrunnen, men no er Jan Ottar Wiik aktuell med den ferske podkasten Eiendom og juss. I denne episoden av Sunnhordlandpodden blir vi betre kjende med jordskiftedommaren frå...

13 Apr 39min

Populært innen Business og økonomi

stopp-verden
lydartikler-fra-aftenposten
dine-penger-pengeradet
rss-penger-polser-og-politikk
e24-podden
rss-borsmorgen-okonominyhetene
rss-skravla-gar
livet-pa-veien-med-jan-erik-larssen
finansredaksjonen
utbytte
pengesnakk
rss-pa-konto
tid-er-penger-en-podcast-med-peter-warren
stormkast-med-valebrokk-stordalen
morgenkaffen-med-finansavisen
pengepodden-2
okonomiamatorene
liberal-halvtime
rss-markedspuls-2
lederpodden