Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1

Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»

Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.

2. Mosebok 14,15–22

Lesetekst 2

Men det vart openberra

kor god vår Gud og frelsar er,

og kor han elskar menneska:

Han frelste oss,

ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,

men fordi han er miskunnsam.

Han frelste oss

ved badet som gjenføder

og fornyar ved Den heilage ande,

som han så rikeleg har aust ut over oss

ved Jesus Kristus, vår frelsar,

så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde

og bli arvingar til det evige livet, som er vår von.

Titus 3,4–7


Evangelietekst

Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Matteus 3,11–12

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(104)

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

Lesetekst 1Kva skal eg koma fram for Herren med når eg bøyer meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med årsgamle kalvar? Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar, titusenvis av oljeb...

6 Sep 10min

Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026

Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026

1. Korintar 12,4–11:Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle...

23 Aug 24min

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

Lesetekst 1Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.Du ...

16 Aug 18min

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

Lesetekst 1Av David. Ein læresalme.Sæl er den som får sine brot tilgjevneog sine synder tildekte!Sælt er det mennesketsom Herren ikkje tilreknar skuld,som i si ånd er utan svik.Så lenge eg tagde, tært...

2 Aug 19min

Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

Lesetekst 1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denn...

19 Jul 15min

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Jul 12min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Mai 20min

Populært innen Religion og åndelighet

rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
rss-lilli-isabelle
sektledere
sektpodden-2
rss-det-uforklarlige-med-victoria-skau
lydartikler-fra-aftenposten
andelig-pafyll-hver-tirsdag
rss-paradigmepodden
rss-andelige-tanker-med-camillo
dokka
rss-uhoytidelig-spirituell
ole-martin-og-einar-leser-bibelen
rss-losrevet
rss-pust-for-livet
rss-normalt-paranormalt
rss-grenselos-spiritualitet
and-vitenskap
rss-tro-tull-alvor
bibelen-pa-podkast
rss-lese-bibelen-sammen